Arbeidarpartiet vil ha fleire studentbustader

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Bustadsituasjonen for studentar er ikkje haldbar. Staten må stille med friske millionar for å få bygd fleire studentbustader, seier stortingsrepresentant Håkon Haugli (Ap) til Klassekampen.

Haugli gjer no framlegg om å auke talet på nye studentbustader i Noreg frå 1.000 til 2.000 i året, noko kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) tok til orde for tidlegare i sommar. At Ap no følgjer opp framlegget, kan, ifølgje Klassekampen, bety at dette blir raud-grøn politikk alt i det neste statsbudsjettet.

Les òg: Vanskeleg for studentar

I dag dekkjer staten 33 prosent av rekninga for nye studentbustader. No opnar Haugli for at staten vil ta ein større del av rekninga.

– Det viktigaste staten kan gjere, er å auke tilskotsgraden. Da blir det mogleg for studentsamskipnadene å realisere langt fleire prosjekt enn det dei kan i dag, seier Haugli.

Haugli vil ikkje ut med kor mykje meir av rekninga staten skal ta, men Norsk Studentorganisasjon krev at staten bør auke tilskotet for nye prosjekt til 50 prosent. Det vil koste om lag 120 millionar kroner i året.

Les òg: 15000 studentar i bustadkø