Politisk langstidsvarsel

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjetil Bragli Alstadheim frå Dagens Næringsliv diskuterte i dag saman med Arne Strand frå Dagsavisen og Fridtjov Jacobsen i VG om kva som vil skje i stortingsvalet i 2013. Ingen av dei tre var klart overtydde om at eit regjeringsskifte var uungåeleg.

– Det vanlege er at regjeringar taper val, sa Alstadheim, og gjorde det klart kvifor det ikkje gjekk slik i 2009 ved å peike på Arbeidarpartiet si gode handtering av finanskrisa og enkle propaganda mot Siv Jensen.

Sist var det òg stor krangel i mellom dei borgarlege partia, då som no gjorde Frp det klart at dei ikkje ville støtte noko regjering dei ikkje tok del i. Skilnaden er at Venstre, som i 2009 under Sponheim nekta klart å regjere saman med Frp, no gjer det klart at dei vil gjere dette.

LES OGSÅ: Senterungdomen vil byte ut SV med KrF

Geografi
Han var òg oppteken av at mandatskiftet frå neste stortingsval, der sentrale område som mellom anna Oslo får to ekstra mandat og Akershus får eitt, lett kan avgjere heile valet, ettersom desse fylka oftast stemmer blått.

Alstadheim avslutta innlegget sitt på frukostmøtet til Civita, med å seie han saknar debattar om utanrikspolitikk, og trur ein eventuell SV-exit frå regjeringsansvar vil skape nytt liv i dette.

LES OGSÅ: Kvinnene vel raud-grønt

Eurokrisa og sentrum
–Treff eurokrisen Noreg hardt, vinn Arbeidarpartiet valet, hevda Arne Strand, sjefsredaktør i Dagsavisen, ettersom han meiner økonomi er den beste saka for Ap.

Han la ut om ei meiningsmåling i Dagsavisen i dag der Høgre og Frp saman har over 50 prosent støtte, og sa at dette er eit historisk høgt resultat på ei måling samstundes som sentrumspartia Venstre, KrF og Sp ligg på 12,9 prosent, som er lågare enn dei 15,9 dei fekk ved sist val, det dårlegaste resultatet dei har fått nokon gong. SV har òg, med 4 prosent, det lågaste resultatet sidan 1969. Han legg likevel vekt på sjølve valkampen, og minner om at Stoltenberg er ekstremt god på å drive valkamp og at Ap gjer det alltid best på valdagen.

LES OGSÅ: – Sosialistar veit lite om fornuft

Erna vs. Jens
Strand peikar òg på at sist gong var Frp størst, medan no er det ingen tvil om at Høgre er større, slik at statsministeralternativa er klare denne gongen.

– Erna må seie at ho er betre til å styre enn Jens, hevda Fridtjof Jacobsen frå VG. Han synest han allereie har byrja å sjå at ho gjer dette, om enn lite direkte enno.

Han la vekt på at økonomi vil avgjere valet, og at SV konstant låg under sperregrensa var det som gjorde at meiningsmålingane ser så blå ut om dagen.

At Ap ligg på om lag 30 prosent etter 7 år som regjeringsparti er ekstremt bra. Både dei borgarlege og dei raudgrøne kan tape valet på at eit småparti fell under sperregrensa.

Kven vil du ha som statsminister?