Gode utsikter for sopphausten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så langt ligg alt til rette for ein optimal soppsesong denne hausten. Ein kombinasjon av regn og varme skapar dei beste forholda for soppen, og sommaren har vore prega av begge delar.

– Vi har hatt ein fuktig og våt sommar, så dersom det held seg slik vil vi få ein veldig god soppsesong, seier soppekspert Morten Jødal.

Hemmeleg
Jødal er ein av dei få i Noreg som driv profesjonell sopplukking gjennom enkelmannsføretaket Soppgleder. Han kan reise 10– 15 mil for å plukke sopp, og nøyer seg ikkje med å fylle ei korg. Han er ikkje nøgd før han får med seg rundt 20– 25 kilo sopp heim.

– Eg fortel aldri om dei beste stadene mine, det tek jo vekk ein del av spenninga ved sopplukking. Eg fortel derimot kva slags terreng folk skal sjå etter, seier Jødal.

Han meiner forholda i år ligg til rette for ein spesielt god haustsesong, særleg for kantarellane. Det er difor bryet verdt å dra ut på såkalla «gulljakt», fordi ein kan oppdage store område med tett i tett av dei lett attkjennelege gule kantarellane.

– Kantarellane er tidleg ute i år. Fleire har oppdaga dei alt i juni månad, seier Jødal.

Det ser dessverre dårleg ut for steinsopp, som er ein internasjonal delikatesse, og den mest ettertrakta matsoppen i Sør-Europa. Jødal har derimot sett ein del raudskrubb, noko som er eit godt teikn for hausten. Soppsesongen begynner i august og varer ut september, så det er framleis langt mellom dei store soppførekomstane i skogen.

– September er som regel den beste månaden, og difor blir han kalla «sopptember». Erfaringsmessig er ofte august også ein god månad, seier Jødal.

Tipset til Jødal er å følgje terrenget. God matsopp finst det mest av i område med yngre granskog, som berre er 20– 30 år gammal, med mykje mose og gras.

LES OGSÅ: Gropa med det gode i

– Lovar godt
Leiar av Ringerike Soppforening og styreleiar i Norges sopp- og nyttevekstforbund, Terje Spolén Nilsen, har også tru på soppsesongen i år.

– Sommaren så langt lovar godt. Det einaste som kan øydeleggje er dersom det blir tørke i august, seier Nilsen.

Soppen treng vatn gjennom sesongen for å kunne gro. Er du nybegynnar på soppsanking, rår Nilsen deg til å ta med ei oppdatert bok om sopp ut på tur, i tillegg til ein kniv med børste. Eit anna tips Nilsen har er å bruke korg og ikkje pose under plukkinga. Ei korg er meir praktisk for å halde soppartane frå kvarandre, noko som også hjelp til å halde soppane heile.

– Er du heldig og finn eit område der det veks mykje sopp, bør du bevare hemmelegheita. Det er nemleg slik at sopp held seg på omtrent same område fleire år av gongen, tipsar Nilsen.

LES OGSÅ: Print ut eplekaka til mor di

Ver sikker
Ein sopplukkar bør ha gode kunnskapar om sopp, for det er ein del som er lett å forveksle. Giftig sopp i berre små mengder kan vere svært dødeleg og gje store smerter.

– Ein gyllen regel er at ein aldri skal ete sopp ein ikkje er 100 prosent sikker på. Dersom du er usikker, ta med soppen på soppkontroll. Slike blir arrangert fleire gonger frå midten av august og ut september. Då får du berre med trygg og etande sopp heim, seier Nilsen.

Sopp kan hermetiserast, tørkast, avkokast, samankokast, saltast og frysast, alt etter kva han skal brukast til. Det er også muleg å utvide sopphorisonten ved å lage spennande rettar som sopp-pizza, butterdeigssopp og til og med såkalla «kantamellar» – karamellar laga av kantarellar.

– Det enklaste er å kutte opp soppen, la han samankoke for så å fryse han i den krafta som kjem ut, seier Jødal. (©NPK)

Har du ei favorittoppskrift på sopp? Del den med oss i kommentarfeltet!

Faktaboks

Fakta om nokre gode matsoppar
*Steinsopp: Varierande brunfarge, kvit kant
*Kantarell: Gul, traktforma
*Traktkantarell: Grå- og gulaktige, tunne og høge
*Mandelkremle: Raud- og brunfarga, med tjukk kvit stilk
*Matblekksopp: Kvit, skjelliknande med lang hatt (kan forvekslast med giftig grå blekksopp)
*Furumatriske: Oransje, litt traktforma
*Fåresopp: Kvit med grå botn, kort stilk
*Raudgul piggsopp: Raudgul med bølgja kant, kort stilk
*Stubbeskjellsopp: Gulbrun rund og glatt hatt (kan forvekslast med den giftige flatklokkehatten)
* Rimsopp: Lærfarga og rund med lang stilk (kan forvekslast med nokre typar giftige slørsoppar)
(Kjelde: Norges sopp- og nyttevekstforbund)

Fakta om dei giftigaste soppartane
*Spiss og butt giftslørsopp: Lita mengd fører til alvorleg forgifting med livstruande nyreskade.
*Kvit og grøn flugesopp og flatklokkehatt: Svært lita mengd gir alvorleg forgifting, magesmerter og oppkast med livstruande leverskade.
*Raud og brun flugesopp og panterflugesopp: Påverkar nervesystemet innan eit par timar, gir forvirring, ørske, hjertebank og magesmerter.
(Kjelde: Helsedirektoratet) (©NPK)