I dag går vi over på kreditt

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag, 22. august, er den Økologiske Gjeldsdagen (Earth Overshoot Day), datoen då menneska har brukt opp budsjettet til naturen for året. Vi går no over på kreditt. Resten av året vil vi oppretthalde vårt økologiske underskot ved å trekkje ned dei lokale ressursane og samle karbondioksid i atmosfæra. 

Global Footprint Network måler etterspurnaden vi har etter, og tilbod av, naturressursar og økologiske tenester. Og tala er tankevekkjande. Global Footprint Network reknar med at i kring 8 månader gjorde vi krav på meir fornybare ressursar og C02 enn planeten kan tilby for eit heilt år. 

I 1987 vart budsjettet sannsynlegvis klart sprengt for første gong, då kom dagen på 19. desember. Utviklinga går altså heilt feil veg. 

Les òg:– Verdsleiarane har ikkje teke ansvar

Earth Overshoot Day er eit konsept som opphavleg vart utvikla av Global Footprint Network og den britiske tenkjetanken New Economics Foundation, og er den årlege markøren for når vi byrjar å leve over evne eit år. Sjølv om det berre er ei grov utrekning av tid og ressurstrendar, er Earth Overshoot Day så nært som vitskap kan vere å måle gapet mellom behovet vårt for økologiske ressursar og tenester og kor mykje jorda kan gje. 

Gjennom det meste av historia har menneskja brukt ressursane til naturen til å byggje byar og vegar, for å gje mat, lage produkt og til å absorbere vår karbondioksid i ein fart som var godt innanfor budsjettet til jorda. Men no har vi kryssa vi ein kritisk terskel: Konsumet har byrja å passere kva planeten kan reprodusere. Dette minner om det å ha utgifter som kontinuerleg overstig inntekta.

I planetariske termar blir kostnadane ved vår økologiske overforbruk meir tydelege for kvar dag. Klimaendringar – eit resultat av klimagassar som blir sluppe ut raskare enn dei kan bli absorbert av skog og hav – er det mest openbare resultatet. Men det er òg andre – krympande skogar, artar som går tapt, fiskerikollaps, høgare råvareprisar og sivil uro, for å nemne nokre. 

Les ògUtvidar miljøprogram for jordbruket

World Wildlife Fund (WWF) sleg fast at menneske i dag brukar tilsvarande 1,5 planetar i ressursar for å oppretthalde aktivitetane våre.  Viss dagens trendar held fram vil vi trenge kapasiteten til to planetar i 2030 for å møte forbrukskravet på naturressursane og absorbere CO2-avfall, skriv dei i sin Living Planet Report, ifølgje Live Science

Prøv vår Klimaquiz!