Frå ulovleg til akseptert

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bergen kommune og Universitetet i Bergen (UiB) har i desse dagane eit samarbeidsprosjekt der ein internasjonal gatekunstnar har fått utfalde seg på veggen vis-a-vis Det samfunnsvitskaplege fakultet. Sidan 2004 har Bergen kommune hatt klare rettingsliner for korleis ein skal halde seg til gatekunst som estetisk uttrykk. 

– Det er ei bevisstgjering om at graffiti og gatekunst er meir enn berre hærverk og griseri, fortel Kristi Guldberg, leiar for prosjektet i Bergen kommune.
 
Politisk satsing 
Bergen har som einaste by i landet ein politisk vedteken plan der gatekunst ikkje berre blir sett på som ulovleg. Fleire prosjekt dei siste åra stadfestar den nyvunne satsinga på kunstforma. 

– Det handlar om å anerkjenne gatekunst som kreativ utfolding, seier Guldberg. 

Medan det i Oslo og andre byar er nulltoleranse for gatekunst, har estetisk råd ved UiB, etter spørsmål frå Bergen kommune, gjeve gatekunstnaren Jaz frå Argentina løyve til å utfalde kunsten sin. 

– Gatekunst har vorte sett høgare dei siste åra, og det har nok vorte meir aksept for å bruke gatekunst i det offentlege rommet, meiner Siri Meyer, professor i kunsthistorie og leiar i estetisk utval ved UiB. 

Framleis ulovleg 
Gatekunstnaren Slava Nemes Matisic går under artistnamnet «Nemesis» og har bidrege i utviklinga av gatekunst i Bergen ved å ta på seg offentlege oppdrag for Bergen kommune. Trass utviklinga trur han det alltid vil vere nokre som utfoldar seg ulovleg. 

– Å spraye ulovleg handlar ikkje berre om kicket av å spraye, men òg om å gjere noko som er ulovleg, trur Matisic. 

Kristi Guldberg stadfestar at gatekunst på verneverdige bygg blir fjerna av kommunen. 

– Vi skil ikkje mellom stygt og fint, men i kva grad kunsten er på ein lovleg vegg når vi fjernar det, seier Guldberg. 

Matisic vedgår at han, i mindre grad enn før, gjer det ulovlege ved kulturen til noko positivt. 

– Med alderen lærer ein seg å setje pris på å kunne skape noko på lovlege vegger framfor å risikere å bli arrestert for det, meiner gatekunstnaren. 

Tidlegare uglesett 
Når offentlege institusjonar no går inn for å satse på gatekunst kan det òg vitne om ein endringsprosess i synet på kulturen. 

– Skeptisisme til gatekunst er forbunde direkte med alderen. Folk som er født før grafittiperioden som kom på 70-talet vil ikkje forstå det sidan dei ikkje har hatt det som ein del av sin eigen oppvekst», seier Matisic. 

Walter Wehus, ansvarleg for gatekunstbloggen «Mot veggen», har følgt nøye med på utviklinga i Bergen og driv nettsida med det føremålet å forevige god gatekunst. Han har tru på at gatekunst er i ferd med å bli meir allment akseptert. 

– I alle fall i Bergen, der vi er veldig flinke til å skilje mellom kva som er kunst og kva som er hærverk, til dømes tagging. Om folk synest noko er fint, så tenkjer dei ikkje samstundes at det er hærverk, meiner Wehus. 

Gatekunst som levebrød 
Matisic har utvikla gatekunsten sin til fullstendige konsept med lyssetting og grafisk designar ved sida av grafittien som gjerne blir selt som pakkar til private firma. 

– Eg er eigentleg genteknolog, men har ikkje jobba lengje som det sidan eg byrja å tene pengar på kunsten, seier «Nemesis». 

At det no i større grad enn før går an å leve av gatekunst er den lokale gatekunstnaren Dolk eit kroneksempel på. Dolk har dei siste åra tent millionar på å selje verka sine. Likevel trur professor Meyer at gatekunstnarar er opptekne av å vere ei motvekt til meir tradisjonelle kunstformer. 

– Gatekunstnarar distanserar seg meir frå den vanlege kunsten. Det er ingen avdukningar og champagne, og dei oppfattar seg nok sjølv som annleis, meiner kunsthistorieprofessoren. 

Meir ope enn før 
Gatekunstprosjektet på UiB er eit resultat av det nyoppstarta «Bergen Street Art» – eit kollektiv beståande av lokale graffitien- og gatekunstnarar. Dei har som mål å auke interessa for gatekunst, gjere det meir synleg i bybiletet og styrkje sitt eige kunstmiljø. 

Etter å ha søkt om økonomisk støtte frå Bergen kommune, inviterte dei utanlandske Jaz til byen. 

– «Bergen Street Art» er det beste staden for norskskapt street art. Det har vore veldig stilleståande i mange år, men eg ser mykje potensiale no, seier JohnXC, ein annan gatekunstnar som høyrer til i gatekunstkollektivet. Han har sjølv delteke på lovlege prosjekt i det offentlege rommet, i tillegg til å ha hjelpt Jaz. 

– Å halde Street Art underground vil vere å nekte for potensialet det har, seier John XC. 

Han meiner utanlandske artistar kan fungere som læremeistrar for lokale kunstnarar ved sidan av å byggje relasjonar og utvikle ferdigheitene til kvarandre. 

Siri Meyer trur eit slikt internasjonalt samarbeid er eit teikn på at gatekunsten har vorte stoverein og nasjonal. I fjor hadde Noregs Handelshøgskule (NHH) eit prosjekt der gatekunstnarar fekk dekorere ein vegg på skulen. 

– Grensene for kva som er kunst flyttar seg heile tida, og dette speglar at kunstfeltet er ope, fortel Siri Meyer. 

Les saka i StudVest!