No kjem Wordfeud på nynorsk
Snart to års ventetid vil snart vera over.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me har fått mange spørsmål om Wordfeud på nynorsk. Me ser på dette akkurat no, og håpar å få det klart i haust, seier Håkon Bertheussen til Framtida.no. Han er mannen bak verdas mest populære ordleik-spel.
Kva tid i haust spelet vil koma med nynorsk ordliste, blir for tidleg å seia, ifølgje Bertheussen.
LES OGSÅ: App for dei ordlause
Stort engasjement
I mars sendte ordføraren i Eid kommune og leiaren av Eid Målungdom brev til Landssamanslutninga av nynorskkommunar med oppmoding om at ein jobba for dette.
Kommunestyret i Luster vedtok denne uttalen om Wordfeud:
”Kommunestyret meiner dette vil vera eit synleg, konkret og effektiv tiltak for å gjera nynorsk til eit meir tilgjengeleg bruksspråk for ungdom over heile landet”.
I tillegg har Norsk Målungdom og tatt initiativ for å få ordleikspelet i nynorsk versjon.
– Eg har registrert at det har vore mange som har etterlyst Wordfeud, og me har hatt det på lista vår over ting å gjera i lang tid, seier Håkon Bertheussen til Framtida.no.
På Wordfeud sine eigne sider kan brukarane stemma fram det dei synest er viktigast for utviklarane å jobba med. Nynorsk ordliste hadde tysdag morgon fått 665 stemmer. Dette er dermed på åttande plass, bak blant anna oppdatering av den nederlandske ordlista.
LES OGSÅ: Knuser alle i Wordfeud
18 millionar nedlastingar
Wordfeud nærmar seg no 18 millionar nedlastingar.
I dag er dei to personar som jobbar fulltid med å utvikla Wordfeud, medan to jobbar deltid.
– Eg leiger inn folk til arbeidet, seier Håkon Bertheussen.
Tidlegare i sommar skifta Wordfeud bokmålsordliste frå Norsk Ordbank si, til Norsk Scrabbleforbund si ordliste.
– Me vil sannsynlegvis bruka Norsk Ordbank si nynorske ordliste, seier Bertheussen til Framtida.no.
QUIZ: Skjønar du bokmål?
– Kjempenyhende
Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, blir svært glad når Framtida.no fortel han nyhendet om at Wordfeud på nynorsk er på veg.
– Dette er jo kjempenyhende. Det er strålande. Det kjem seint, men godt. Eg håpar at det blir ei språkleg vitamininnsprøyting både for Wordfeud og alle av dei som får glede for spelet, seier Vebjørn Sture til Framtida.no.