No får du rett ordliste på nett

Den nye rettskrivinga for nynorsk er no lagd inn i nettutgåva av Nynorskordboka.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. august fekk me nye reglar for rettskriving i nynorsk. Men som Framtida.no melde då fanst det ikkje oppdaterte ordlister på nett då endringa skjedde. No har Språkrådet og Universitetet i Oslo endeleg fått det på plass.

Oppslagsord og bøyingar er oppdaterte i samsvar med ny rettskriving. Dermed er det slutt på klammeformer i både oppslagsord eller bøyingsformer.

– Nynorskordboka er open for alle og viser kva som er rett nynorsk frå no av, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet i ei pressemelding.

Ordboka er oppdatert av Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.

Den nye utgåva har ikkje berre ny rettskriving, innhaldet er òg presentert betre enn før. No har ordboka:

– bøying for alle ord, også samansetningar
– mindre bruk av forkortingar enn før, alle oppslagsorda er skrivne fullt ut, også i døma
– mange klikkbare ord i definisjonane

Bokmålsordboka skal fornyast på liknande vis som Nynorskordboka.

Søk i ordboka frå Startsida.no (i den tredje søkjeboksen på høgre side) eller direkte på www.nob-ordbok.uio.no!

LES OGSÅ: Dette er den nye nynorsken!