Det gjekk heitt føre seg på Ungdomspartileiardebatten under Arendalsveka i dag, der det både låg skilsmisse og nye frieri i lufta.

Kristina Leganger Iversen og Svein Olav B. Langåker
Kristina Leganger Iversen og Svein Olav B. Langåker

Leiar i Senterungdommen, Sandra Borch, vil gjerne bytte ut Sosialistisk Venstreparti med Kristeleg Folkeparti i regjeringa.

Det var tysdag ettermiddag, under ungdomspartileiardebatten i  Arendal, at  Borch kom med det noko uventa utspelet, som først vart referert av politisk.no.

LES OGSÅ: – Regjeringa skaper politikarforakt

SV for sosialistiske
I debatten uttalte Borch at SV var «ein bremsekloss» og «for sosialistiske» for senterungdomen.  Ho nemnde konkrete saker som rovdyrpolitikk, spørsmål om motorferdsel i utmark og oljepolitikken som døme der Senterungdommen heller ville samarbeida mot sentrum enn mot venstre.

– SV står i vegen for gjennomslag for mykje god Senterparti-politikk på nokre av dei områda som tyder mykje for oss, konkluderte Borch, ifølgje politisk.no.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

Lunkne i KrFu
I KrFU var dei ikkje nett stormande av begeistring etter utspelet frå Borch.

Elisabeth Løland, leiar i KrFu meiner den sittande regjeringa ikkje har levert varene.  Dei er temmeleg lunkne til å bli med i det raudgrøne samarbeidet, ettersom dei heller ha ei borgarleg regjering etter valet.  Tidlegare i sommar har dei opna for å la Framstegspartiet bli med i ei regjering.

QUIZ: Kva veit du om Kristeleg Folkeparti?

AUF og SU ristar på hovudet
Særskilt nøgd med utspelet var heller ikkje AUF eller SU. Dei rista på hovudet og forsto ikkje heilt kva leiaren for Senterungdommen ville med utspelet.

Leiar i SU, Andreas Halse, understrekar at Senterungdommen gjerne må invitere kven dei vil, men åtvarar mot å drive med for mykje politisk spel.

Heller ikkje Eskil Pedersen, leiar i AUF, går god for Senterungdommen sitt ønske om utskifting i regjeringa. Likevel ønskjer han gjerne å samarbeide med KrF. Føresett at dei støttar den raudgrøne regjeringa utanfrå.

Inga Apflørt frå KrF
Pedersen avslutta med å syne til at det er mange saker til felles mellom KrF og dei raudgrøne, og trakk fram fattigdom i Noreg, bistand og miljøpolitikk som gode døme.

Det falt likevel ikkje i god jord hos KrFU-leiar Løland. Ho var ikkje særskilt interessert i å flørte med korkje Pedersen eller Ap.

For ho var heldigvis, som ho sa «allereie gift».

Senterungdommen vil ikkje til høgre
For eit halvt år sidan opna Sandra Borch for å bli ei ny Høgre-sentrum-regjering saman med KrF og Venstre, i eit intervju med Framtida.no.

No er tonen ein annan.

– Me har vore i dialog med partia på høgresida, men funne at det ikkje er grunnlag for eit samarbeid, seier Sandra Borch til Framtida.no i dag.

– Me ønskjer eit sterkare sentrum i den regjeringa me har i dag, og ønskjer difor å ha med oss KrF på laget.

– Kva med Venstre?

– Slik eg ser det har partiet blitt ein mild utgåve av FrP i dag, seier ho.

Debatten tysdag er den første ho deltek saman med dei andre leiarane av ungdomspartia.

– Det var greitt å koma i gang, seier ho, og gler seg til resten av Arendalsveka, som inkluderer politiske diskusjonar og møte heile veka.

Kva meiner du blir den beste regjeringa frå 2013?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE