Saknar fokus på innflyttarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er heilt klart stor forskjell på korleis lokalsamfunn møter tilflyttarar. Heldigvis er nokon veldig gode, seier Mai Camilla Munkejord. Ho er forskar ved Høgskolen i Finnmark.

Munkejord trekk fram Gratangen kommune i Nordland som eit godt eksempel. Her blir alle innflyttarar invitert til ein årleg innflyttarfest.

– Dette er spesielt viktig på små stader med slike tiltak, seier ho.

LES OGSÅ: – Utkant-Noreg bør læra av Finnøy

I doktoravhandlinga hennar har ho studert opplevingane innflyttarar til Finnmark har hatt.

– Kven er ein ekte vikværing, fjording og så vidare. Mange har tronge rammer for om ein kallast det, seier Munkejord, og held fram:

– I dagens mobile samfunn må ein lokalt jobba for at dei som flyttar inn også ønskjer å bu der i framtida.

– Er det forskjell på korleis samfunn med større tilflytting møter dei nye sambygdingane sine på, enn dei med mindre tilflytting?

– Eg har inntrykk av at det der ein er van med at det kjem nye folk, er det lettare å koma som innflyttar. Det er enklare å koma til ein del kyststader, som frå Havøysund som eg har studert, til så langt sør som Karmøy, der eg kjem ifrå. Her har det tradisjonelt vore mykje flytting med mange fiskarar som har reist etter der fisken har flytta seg.

LES OGSÅ: Knuser myten om heimatt-tenking

– Men stor grad av til- og fråflytting kan, i alle fall potensielt, føra til det motsette. At ein blir sliten av at folk flyttar, og tenkjer at ”dei ønskjer eg ikkje å bli kjent med, fordi dei flyttar jo uansett seinare”, seier Mai Camilla Munkejord, og legg til:

– Eg trur det er viktig at fleire lokalsamfunn trener seg opp i å ta i mot fleire innflyttarar.

– Har det vore mykje fokus på arbeid i forskinga, og tilsvarande lite på kor lett det er å bli inkludert i eit lokalsamfunn?

– Arbeid er utruleg viktig. Spesielt viktig er det med varierte arbeidsplassar, særleg i ein så kjønnsdelt arbeidsmarknad som i Noreg er det viktig å leggja til rette for mange ulike syslar. Det er viktig at styresmaktene legg til rette for kompetansekrevjande arbeidsplassar også utanfor hovudstaden. Men for å svara på spørsmålet: Eg trur det er rett å seia at det har vore for einsidig fokus på arbeid, og for lite fokus på det sosiale og kulturelle aspektet ved innflytting.

LES OGSÅ: Dette er ein attraktiv kommune

Korleis meiner du at både lokalbefolkninga og kommunane kan bli betre til å ta i mot innflyttarar?