Rekordmange studentar i haust
Over ein kvart million vil studera i Noreg til hausten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire enn nokon gong
Over 85.000 nye studentar tek i år til på det første semesteret sitt ved universitet og høgskular her i landet. Det er fleire enn nokon gong.
Dei siste åra har det blitt 25.000 fleire studentar i Noreg. Det svarar til fem middel store høgskular eller det nest største universitetet i Noreg.
Flest jenter
Jentene er i fleirtal blant dei ferske studentane. Dei representerer 61 prosent av studentane. Det er omtrent det same som det har vore dei siste åra.
LES OGSÅ: Studentane fattigare enn nokon gong
Dei nye studentane er i snitt 24 år og tre månader. Flest studentar har kome inn utdanningsområdet økonomi og administrasjon.
Sist studieår oppnådde i gjennomsnitt 86 prosent av studentane dei studiepoengene dei planla og dei hadde i gjennomsnitt 75 prosent studieprogresjon.
Framleis ledige plassar
Den 13. august var det framleis ledige studieplassar på 300 studium ved 30 universitet og høgskular.