Jobbar 14 timar i døgnet

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Det er 1000 ting å setje seg inn i og med jobbing opp mot 14 timar i døgnet er det lange dagar. Men dette er ein livsstil, det er ein flott arbeidsplass og det er kjekt å treffe kvarandre på jobb, fortel Torunn Tvedt og Øystein Austjore.

Mjonøy kultursenter driv paret steinomnsbakeri, servering, gardsmatbutikk, hytteutleige, kunstformidling og camping.  

– Det beste er å treffe blide og nøgde folk, og få levere produktet me gjer.  

Nevenyttig  
– Me kom i kontakt med dei tidligare eigarane Ellen Nordstoga og Darius Jasmantavicus ganske tilfeldig, og då dei ville gje seg gjekk det slag i slag med salet, fortel Torunn og Øystein.  

I januar fekk dei ansvaret for 17 for det meste gamle hus, så med vedlikehald, servering og turistar, er det nok å gjere. I sin fyrste sesong har dei fått lama, geiter og grisar til området, og dei har skipa til konsert og sumarfest.

 – Ein må nok vera nevenytting for å få til noko som dette, seier Øystein. Han er utdanna tømrar, og har ansvar for mellom anna bygningsmassa, elektronikken og bakinga. Torunn har studert turisme, og tek seg av mellom anna servering og økonomi.  

LES OGSÅ: Frå ved til solbrille i tre

Bygda

 – Når ein kjem frå bygda vert ein gjerne vand med å jobbe og ein får mangslunge erfaring. Det er ikkje sikkert vi hadde fått til dette i så ung alder, om me hadde kome frå byen, seier paret. Torunn på 27 kjem frå Røldal og Øystein på 24 kjem frå den vesle bygda Byrte i Tokke kommune, der paret bur i dag.  

– Me har vore sikre på at det er her me skulle bu. Det er økonomisk at det er langt til butikken, me set pris på fridomen og at det er så fredleg, held dei fram. Så sjølv med ulempe som lange avstandar, saknar dei ikkje bylivet.  

–  Når sumarsesongen går mot slutten er me mest forsynt av mykje folk, så det gjer heller ikkje noko at bygda me bur i har berre 150 innbyggjarar.

LES OGSÅ: Eldsjelar viktigast for vekst

Bakinga          
– Bakinga har nok vore det vanskelegaste. Eg hadde aldri sett ein deig før og måtte lære meg kunsten på to veker. Men når det skal bakast 150 brød på ein dag, er det berre å få taket på det, seier Øystein.

Steinomnsbakeriet er ein av suksessfaktorane på Mjonøy, med sal av opp til 600 søtbakst og 180 brød i løpet av ein dag.  

– Når det er kø inn til bakeriet, gjer det mindre å måtte stå opp klokka fire om morgonen, held hand fram.  

For bedriftslivet har sine utfordringar med lån, alt som skal lærast og dei lange dagane. Samstundes gjev det lukkeaugneblink, med ein liten prat med grisen eller kaffipause med grannane.  

– Når det er måndag og litt rolegare, og vi kan tenkje at alt gjekk bra denne helga og – då er bedriftslivet fint å leve, avsluttar paret. 

LES OGSÅ: Turistar vil treffe fleire lokale

Tips frå Torunn og Øystein  
– Gjer det sjølv! For å lukkast er det viktig å jobbe mykje sjølv og ikkje leige inn folk til det ein trur ein kan greie.  

– Gå tidleg til banken. Finansiering er avgjerande, så det er lurt å ta ein samtale med banken så tidleg ein kan.  

– Skaff deg arbeidserfaring! Då finn du ut kva du likar, lærer mykje og vert vant med å stå på.  

– Ikkje ver redd! Det er berre å hive seg i det og ha trua på det ein gjer!