Gutar og menn flyktar òg frå tvangsekteskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gutar flyktar frå tvangsekteskap

– Tvangsekteskap kan vere like grufullt for ein gut som for ei jente, og ofte har dei vanskelegare for å søkje hjelp, seier SEIF-leiar Gerd Fleischer til Dagsavisen.

Røde Kors opplyser at éin av fem som tar kontakt om tvangsekteskap, er gutar eller unge menn. Anne Marthe Stifjeld, leiar for Røde Kors-telefonen om kjønnslemlesting og tvangsekteskap, trur mørketala er høge for gutar og menn.

– Vi opplever at gutane har høgare terskel for å ta kontakt, seier ho.

Òg Oslo Krisesenter opplyser at dei har opplevd eit oppsving i talet på meldingar frå menn på grunn av tvangsekteskap.

Assisterande direktør Runar Nygård i Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) meiner at ein av grunnane til at menn med utanlandsk opphav tar kontakt med krisesentra, er at dei har for lite nettverk i Noreg.

– Det er òg tabu knytt til å vere utsett for vald og overgrep frå eigen familie, svigerfamilie eller ektefelle, seier Nygård.

Ifølgje tal frå Bufdir oppsøkte 79 menn krisesentra i Noreg i 2011, mot 37 året før. Av dei 79 var 48 menn med utanlandsk opphav. (©NPK)