15.000 studentar i bustadkø
Medan studiestart nærmar seg med stormskritt, står 15.000 studentar utan ein stad å bu.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– 1.000 bustader i året er for lite. Tempoet må skruast opp allereie no, seier leiar Øyvind Berdal i Norsk studentorganisasjon (NSO). Han seier bustadmangelen blant studentane viser at utbygginga ikkje held følgje med etterspørselen.
Til hausten vert statsbudsjettet for neste år lagt fram, og Berdal ber kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) sørgje for at det gir rom for bygging av 1.500 nye studentbustader og ein auke av studiestøtta.
Les òg: Tøff hybelmarknad
Tal NSO har henta inn frå samskipnadene viser at det berre er studentbustader til snautt 14 prosent av studentane. Dermed må dei fleste ut på den private bustadmarknaden. Samtidig påpeikte Dine Pengar nyleg at studiestøtta målt i G – grunnbeløpet til folketrygda – er lågare enn på 37 år. Den siste halvdelen av 1970-talet heldt støtta følgje med lønnsutviklinga for vanlege lønnsmottakarar, men sidan byrjinga av 1980-talet har studentane tapt terreng til både lønnsmottakarar og minstepensjonistar. (©NPK)
Les òg: Sextrakassert på husjakt