Vindturbinane går så det susar
På det første året har vindturbinane til Høg-Jæren Energipark produsert 18 prosent meir straum enn venta. Det svarar til 35 millionar kilowattimar, nok til å dekkje behovet til 1.750 gjennomsnittsbustader.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Stavanger Aftenblad var energiproduksjonen for dei 26 vindturbinane drygt 40 prosent høgare enn landssnittet for vindkraft i 2011. Seks nye turbinar skal opp hausten 2012 før parken er komplett.
Men ikkje alle er like glade for den klimavenlege kraftproduksjonen. I tillegg til at turbinane skal true delar av plante- og dyrelivet, klagar naboar på skuggar frå dei enorme byggverka og plagsam støy og «svisjing». Det er ikkje eit ukjent fenomen at naboar ved vindkraftparkar melder om nedsett livskvalitet.
Likevel skal det bli meir vindkraft i Noreg, som førebels er eitt av dei landa i Europa der kraft frå vind utgjer lågast del av energiproduksjonen – rundt 1 prosent. Olje- og energidirektoratet har nyleg godkjent fem vindkraftverk i Rogaland-kommunane Bjerkreim, Hå og Gjesdal. Desse har ein kapasitet fem gonger større enn den til Høg-Jæren Energipark og vil motsvare forbruket til om lag 65.000 husstandar. (©NPK)