Framleis for lite nynorsk ved UiO

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg konstaterer at vi har eit stykke att å gå, spesielt på nett, seier administrasjonssjef Bjørnar Sarnes i Kommunikasjonsavdelinga til internavisa Uniform. Han forsikrar at universitetet tek lova om 25 prosent nynorsk seriøst, sjølv om dei fleire gonger har fått kritikk for at dei ikkje oppfyller kravet.

Tala for 2011 viser at berre 15 av 116 skjema er tilgjengelege på nynorsk. Nettsidene har ein nynorskdel på 3,5 prosent, papirpublikasjonar på 1– 10 sider har ein nynorskdel på 10,3 prosent, at publikasjonar på over ti sider har ein nynorskdel på 4,4 prosent. I periodiske publikasjonar er nynorskdelen 8,2 prosent.

LES OGSÅ: Kjempar mot nynorskhat på Blindern

Det har likevel vore ei positiv utvikling.

– Statistikken frå UiO viser ein framgang i bruken av nynorsk, og sjølv på nettet har talet på sider med nynorsk tekst gått klart opp. For eksempel har uio.no/studier no ein nynorskdel på 45 prosent.

Universitetet i Oslo må no rapportere tilbake kva tiltak dei vil sette i verk for å auke nynorskdelen. (©NPK)

LES OGSÅ: Milevis unna nynorskkrav