Fleire og fleire går på sommarskule

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er svært gledeleg å sjå så mange elevar som ynskjer å ta grep om eiga læring, er motivert og deltek på sommarskulen i år. Vi har sett at motiverte elevar i møte med dugelege lærarar kan føre til særs gode resultat. Mange elevar “knekk koden” under sommarskulekurset og oppnår gode karakterar. Dette er difor eit flott tiltak for å få fleire til å fullføre og bestå vidaregåande utdanning, seier Fylkesråd for utdanning i Troms, Kent Gudmundsen, i ein kommentar til dei gode søkjartala for sommarskulen på nettsida til Troms fylkeskommune.

Totalt 72 elevar i Troms vil no søkja ny kunnskap òg i dele av sommarferien. Sommarskulen blir i Tromsø, Harstad, Finnsnes og Nordreisa i perioden 6. – 17.august og gjev elevane høve til å gå opp til ny eksamen etter at skulen er avslutta. Det er hovudsakleg matematikk og naturfag som er populært.

Ikkje tru på mindre fråfall av sommarskule
– Eg har inga tru på at ein klarar å motverke fråfall med berre nokre dagar ekstra av "det same". Det er viktig at sommarskulen legg opp til å følgje opp elevane tett – at elevane blir sett og høyrd av lærarane og får attmelding på korleis ein kan bli betre. Men ein må ta på alvor at vi ikkje har lukkast godt nok i å skape ein skule som ser og lyttar til elevane, som har ei opplæring som er tilpassa den einskilde og som fortel elevane kva dei skal gjere for å bli betre – før det er for seint. Årsakene til fråfall er samansett, men det er der dei store utfordringane ligg. Sommarskulen vil vere eit kjempefint supplement til den ordinære skulen for ein del elevar – om han blir brukt rett, seier Alex Fjeldavli, leiar av Elevorganisasjonen, til Framtida.

Eksamen er tilfeldig
– Eksamensformen er ikkje god – han er tilfeldig, han måler berre ein liten del av det elevane kan, og dagsform får alt for mykje å seie. I tillegg "styrer" eksamen korleis undervisinga blir lagt opp resten av året. Hadde det ikkje vore for måten eksamen er lagt opp, hadde vi hatt ein skule som var mykje mindre prega av pugging og "minieksamenar".

Fjeldavli meiner vi treng utprøving av alternative eksamensformer for å leggje opp eksamen betre.

– Det er ingen politikarar som tør å ta i eksamen – som kanskje er det nærmaste vi kjem ei heilag ku i skulepolitikken. Vi treng ein eksamen som varar lengre, som måler meir av kva elevane kan og måler det på ulike måtar. Eksamen er for viktig til å ikkje ville gjere han betre, avsluttar han.