17-åring bygde kunstig hjerne som finn brystkreft

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

17-åring bygde kunstig hjerne

– Eg lærte datamaskinen korleis han skal diagnostisera brystkreft, forklarar Brittany Wenger (17).

Dataprogrammet ho har laga gjer at ein kan diagnostisera brystkreft med større sannsyn med eit så lite inngrep som mogleg. Treffprosenten på vondarta svulstar er førebels 99,1 prosent, men med stadig fleire prøver kan treffprosenten gå opp.

Til ABC News fortel ho at fleire i familien hennar har hatt brystkreft.

– Å finna eit verktøy som kan hjelpa kreftlegar er noko eg har vore opptatt av.

LES OGSÅ: Køyr bil med berre tankekraft

Brittany Wenger meiner programmet snart kan takast i bruk på sjukehus. Ifølgje FoxNews har ho testa programmet hennar mot tre ulike kommersielle tilbydarar av diagnoseprogram. Ingen av desse hadde same høge treffprosent.

Les meir om prosjektet hennar her!

– La fleire born få prøva seg
Skular og politikarar over heile verda lurer på korleis ein skal få fleire til å bli interessert i realfag. Brittany Wenger meiner fleire ungar må få lov til å utforska kva dei likar.

– Viss fleire ungar for prøva seg, vil fleire få høve til å finna ut det dei verkeleg likar, og gjera det dei verkeleg vil me vitskapen, meir enn å bli tvungen inn i det, seier ho til MercuryNews.

Datavitskap og medisin er favorittfaga hennar. På sikt siktar ho seg inn mot master- og doktograd innan desse faga.

LES OGSÅ: Bilen må ta rattet frå menneska

Byrja med fotball
17-åringen frå Sarasota i Florida likar òg å spela fotball. Og arbeidet hennar med å laga dataprogram som etterliknar hjernen, byrja då ho brukte dei same programmeringskunnskapane på eit fotballprogram.

– Eg kom over kunstig intelligens og blei veldig interessert. Eg bestemt meg for å kjøpa ei bok om dette, og læra meg korleis eg gjorde det, fortel ho til MSNBC. Det første dataprogrammet hennar spelte fotball.

LES OGSÅ: Kunsten intelligens

Det er andre gong Google arrangerer ein vitskapskonkurranse for ungdom over heile verda.

Brittany Wenger konkurrerte med fleire tusen andre. No har ho fått 50000 dollar i støtte til skulepengar og ein tur til Galapagos-øyane og til Google i Sveits.