Lever av å lage dugnadsfest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fetrane Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård spelte saman i The Margarets, no driv dei Momentium, selskapet bak Sommarfesten, Jugendfesten og Midtsommerjazz i Ålesund, Musikkprisen i Møre og Romsdal og studioet Ocean Sound Recordings.

Framtida møtte festivalskaparane saman med sjølvaste BBC.

– Vi har gjort eit forsøk på å forklare tanken om dugnad og spleising til BBC, det er det dei tykkjer er så interessant med akkurat dette arrangementet, fortalte Ante Giskeødegård om intervjuet.

LES OGSÅ: – Piratnedlasting gjev dyre billettar

Langbord og deling, men ingen business

Sommerfesten på Giske er ingen ordinær festival, då både inngangsbillettar og mat vert ordna med spleiselag.

– Folk tek med og delar på mat, denne kan ein grille hjå oss, og så vert ein oppfordra til å kjøpe eit såkalla spleisepass på minimum 300 kroner for å sikre seg inngang på arrangementet. Om ein er med å dele, så får ein eit stort klistermerke av ei rosa ku, noko det nesten er flaut å ikkje ha, forklarar han vidare.

– Det fungerer faktisk, til trass for at vi er på Sunnmøre. Men det er heilt klart ingen god business, ein lagar ikkje festival for å bli rik.

LES OGSÅ: Opptrer og spelar plate på Giske

20 tusen på festival
I fjor deltok nærmare 30 tusen på Sommerfesten med slagordet «peace, love and understanding». I år vart taket sett på 20 tusen besøkande, for å unngå kø og kaos. Store namn som Travis, Sondre Lerche, Sivert Høyem, Melissa Horn, Karpe Diem med fleire, var publikum fullt ut entusiastiske til tross for store mengder nedbør utover kvelden.

– Første gongen vi arrangerte sommarfest her på Giske var vi berre tretti vener samla her ute i båthuset. Det å arbeide med musikk på denne måten er berre heilt fantastisk, fortel dei to festivalgründerane.

LES OGSÅ: Meir popmusikk på norsk

Artistleir i vill natur
Festivalen starta med få midlar, men artistane vart lokka med eit opphald med god mat, ulike events og opplevingar i heilt spesielle omgivnadar. Marit Larsen har beskrive festivalen som ein leirskule for artistar, med samhald og magi.

Sondre Lerche skryt av kombinasjonen av den ville naturen og den proffe festivalen som sørgjer for ein uvanleg oppleving for artistane, Lerche oppheldt seg på Giske i ei heil veke, ifølgje Dagbladet.

– Sommerfesten på Giske er ein storslått dugnadsfestival, her bidreg både artistane, frivillige, oss sjølve og publikum. Vi har nok det lågaste budsjettet av festivalar i landet.

Les siste musikk-nytt her!