Opptrer og spelar inn plate på Giske

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over 60 band og artistar kjempa denne vinteren om å stå igjen som vinnar i den største musikkonkurransen i Møre og Romsdal. På nettet stemte fleire tusen på sin favoritt. I finalerunda kjempa Man Get Out, ålesundsartisten Karl Morris og At Your Leisure frå Molde om førstepremien.

– Vi meldte oss på, men hadde ikkje rekna med at det var vi som skulle vinne, fortel gitarist Lars Henning Fylling frå Langevåg på Sunnmøre. Fylling er den einaste nordmannen i bandet, som ein del av konkurransen må minst ein av medlemmane vere frå området.

Festivalpromotering og plateinnspeling til vinnaren
– Vi er oppteken av å gje lokale artistar moglegheit til ei ordentleg plateinnspeling og gleda av å opptre på ein av landets største musikkfestivalar, fortel Ante Giskeødegård i Momentium, som står bak Sommarfesten på Giske og driv studioet Ocean Sound Recordings.

LES OGSÅ: Malakoff blir dokumentar

Etter Giske-konserten framfor fleire tusen musikkentusiastar var bandmedlemmane svært nøgde.

– Eg har vore på Sommerfesten fleire gongar, no var det kjempekjekt å få stå på scena sjølv, fortel Fylling på ekte sunnmørsdialekt.

– Å gi ut plate var planen vår, premien er difor ei kjempestor hjelpande hand, fortel han og viser til Mikhael Paskalev som vann i 2010.

For første gong i Noreg
Gitaristen og songaren frå Langevåg har vart med i Man Get Out då han i 2009 flytta til Liverpool for å studere musikk ved Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA), betre kjend som Paul McCartney-skulen. Her har dei spelt for BBC2 og ein kjent konsert i byen med over ti tusen tilskodarar. Her heime har vi hørt dei på NRK P3 gjennom Urørt.

Engelskmennene, som dei fleste er frå Liverpool, var for første gong i Noreg og på Sunnmøre under Sommerfesten.

– Det er veldig flotte omgivnadar her og folket er fantastiske. Og så er det ikkje så dyrt her som vi frykta, ler Lloyd Ellenberg.

LES OGSÅ: Noregs mest eksklusive festival?

Draumen er å leve av musikken
– Det blir veldig bra med plateinnspeling, så får vi sjå kva som skjer vidare. Interessa vår er stor for å turnere i Noreg, fortel han etter all den lokale oppmerksamheita.

Ynskjer dykk å leve av å lage musikk?

– Sjølvsagt er det draumen, avsluttar Lars Henning Fylling.

Les siste musikknytt her!