Hotmail forsvinn

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Microsoft vil innføre ein ny, gratis nettbasert e-postportal under Outlook-logoen og fase ut Hotmail over tid for å trekkje brukarar frå Gmail, skriv Bloomberg.

Hotmail er den mest populære nettbaserte e-postleverandøren i verda, men har tapt terreng i USA til Google og Yahoo samt andre, nyare metodar for kommunikasjon som til dømes sosiale medium.

– E-post er ein av dei einaste områda i teknologi som er gått åtte år utan ei vesentleg endring – den siste store  var lanseringa av Gmail – og for oss er det kanskje vore endå lenger enn det sidan den siste store endringa, seier Brian Hall i Microsoft.

– Ingen av dei sosiale nettverka eksisterte då, og kva for typar e-post vi får har endra seg.

Hotmail hadde 324.2 millionar unike brukarar i juni, sammenlikna med 290 300 000 for Yahoo Mail og 277600000 for Gmail, ifølgje comScore, men mista 4 prosent der Yahoo fekk 2 prosent og Gmail fekk 17 prosent nye brukarar frå januar til juni 2012.

Brukarar som ynskjer å oppgradere kan velje mellom å halde sin eksisterande @hotmail.com e-postadresse eller byte til @outlook.com. Microsoft lovar at ein vil kunne ta imot e-post send til den gamle adressa, seier Microsoft.

Ekstern lenke til Microsoftblogg om endringane her!