Med fildeling som religion

Kristina Leganger Iversen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

“Det Missionerande Kopimistsamfunnet” blei tidlegare i år godkjent av svenske styresmakter som trussamfunn. Kyrkja har i rekordfart spreidd seg til tjue land. No får kopimistane merksemd verda over.

Dei held internett heilagt og ser på kopiering og spreing av informasjon som ein etisk rett: Det Missionarande Kopimistsamfunnet er eit nytt religiøst samfunn, som spring fram som svar på eit samfunn der deling av informasjon og kultur ikkje er fri.

Dei har så langt omlag 8000 medlemmar i Sverige, og dei har søkt både om å få utføre vigslar og å få utbetalt den same statsstøtta andre trussamfunn får.

Djupare verdiar
Men kva er det eigentleg dei trur på? Og kvifor har dei laga seg nett eit trussamfunn? I eit intervju publisert i The New York Times (25.07) freister stiftar, kopimistmisjonær og filosofistudent Isak Gerson å forklare kvifor fildelarane har laga ei kyrkje.

– Det handlar om djupare verdiar enn dei jordiske, seier han, og utdjupar:

– Verdiar du har i beinmargen.

CTRL+C som heilagt symbol
Kopimistane har som andre trussamfun prestar,  eller opar som dei kallast på svensk, som leier rituala til samfunnet. Dei har har CTRL+C og CTRL+V som heilage symbol, men opplyser gjennom vevsida at kven som helst står fri til å definere kva symbol dei held for å vere heilage.

På spørsmål om han trur på Gud svarar han klart nei.

– Eg trur berre på verdiar. På våre heilage verdiar, legg han til.

Påverkar ikkje politikken
I eit intervju med BBC kjem det fram at Kopimistsamfunnet ønskjer å få fildeling godkjent som religiøs praksis. Det er det fleire som trur er lite sannsynleg:

– Dette tyder ikkje at ulovleg fildeling vil bli lovleg, seier musikkanalytikar Mark Mulligan.

– At dette gjer all fildeling lovleg er like lite sannsynleg som at lyssablar ville bli lovleg om “Jedi” hadde blitt ein religion, følgjer Mulligan opp.

Les òg: Piratpartia har stor suksess

Fakta

 Kopimismen vart grunnlagt i 2010  og byggjer på følgjande aksiom (grunnsetningar):

 

  • Kopiering av information er etisk rett.
  • Spreing av informasjon er etisk rett.
  • Remixing er ein heligare type kopiering enn den perfekte, digitale kopieringa, då remixing er korskopiering av en mångfald av information.
  • Å kopiere eller remixe informasjon som vert forrmidla av ein annan person ser vi som ei handling av respekt og  eit sterkt uttrykk for aksept og kopimistisk tru.
  • Internett er heilag.
  • Kode er lov.