Umettelege på bringebær
For ti år sidan leverte Bama åtte tonn norske bringebær til butikkane. I sommar går det ut 1000 tonn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ingen matvarer aukar så mykje i popularitet som bringebær, og no er det norske bringebær å få i heile landet, seier Hanne Linnert, informasjonssjef i Bama.
Tilgjenget på store, gode og holdbare norske bringebær er ein heilt annan no enn for få år sidan. Og no er bringebær og andre bær vorte spesielt trendy blant dei unge, fortel Linnert.
– Sjølv born ned i 12-årsalderen kjøper no bær som godteri. Òg unge vaksne er vorte flinke til å bruke bær i kosten, gjerne til frukost eller som erstatning for søtsaker.
Bama kjem til å selje mellom 200-300 tonn meir norske bringebær enn i fjor, og ifølgje rapportar frå produsentane blir bæra av god kvalitet, med betre smak enn i fjor.
Gode og haldbare
Tidlegare var bringebær berre tilgjengelege i den norske sesongen, men no blir det importert bær heile året. Like fullt er det først når dei norske bringebæra kjem at vi verkeleg fråtsar.
– Dei norske er spesielt gode på smak, og dei er mykje større enn importbæra. Takka vere at det er vorte langt fleire produsentar kan vi levere meir enn nokosinne, og vi trur på meir vekst, seier Hanne Linnert.
– Vi sel faktisk meir norske bringebær enn importerte, ikring 65 prosent er norske bær. Årsaka er at Bama har jobba langsiktig saman med produsentane for å betre kvaliteten og auke produksjonen av norske bær.
Den nye sorten, Glen Ample, er mykje meir holdbar enn bæra som tidlegare vart dyrka her i landet. Rett etter plukking blir bæra kjølt ned til to grader i mobile kjøleanlegg. Dermed er bæra ferske og fine når dei kjem til butikken.
Bringebær bør likevel haldast kjølige og etast ferske.
Sunne bær
Der bringebær tidlegare hovudsakleg vart nytta til syltetøy, brukar vi dei no til frukost, i drikke, salatar, til salt mat, eller som snacks utan tilbehør.
– Den valdsame veksten i forbruket av bringebær har ikkje gått på rekning av jordbær. I sesongen vil vi ete ferske, norske bær mange gonger. Det er vorte vanleg å ha både jordbær og bringebær rett frå korga.
Les òg: Norske jordbærbønder gjev seg
Bama har tredobla salet av bær dei siste ti åra.
– Bær av god kvalitet finst i butikkane året rundt. Kvalitetssikring i produksjonen gjev smakfulle bær, og blir gjort både hos utanlandske og norske produsentar. Det er ei viktig årsak til bærveksten, seier Hanne Linnert.
Les òg: Norske jordbær er dei sunnaste
Norske bringebær er no tilgjengelege tida ein månad framover. Bringebær er kalorifattige og rike på C-vitamin, kalium og jarn.
Kjelde: Newswire.