Svenskane tek jobben frå norsk ungdom
Arbeidsinnvandringa frå Sverige fører til at norske ungdommar får problem med å få seg deltids- og sommarjobbar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det går fram av undersøkinga «Fortrenges norsk ungdom i arbeidsmarkedet?» skriv Aftenposten. Undersøkinga er ein del av eit forskingsprosjekt ved Frischsenteret på Universitetet i Oslo og er finansiert av Arbeidsdepartementet.
Forfattar av oppgåva, Camilla Sundt, konkluderer med at inntoget av svenskar i arbeidsmarknaden har gjort det spesielt vanskeleg for ungdom på 17– 18 år som søkjer jobb for første gong.
Les òg: Arbeidsledige blir brennmerkte for livet
– Analysen viser at fleire svenskar har ein negativ effekt på kor sannsynleg der er at norsk ungdom i 17-årsalderen er i jobb. Når delen svensk ungdom stig med 1 prosentpoeng, fell delen av norsk ungdom som er i jobb med eit halvt prosentpoeng, seier Sundt.
I Sverige er arbeidsløysa på 7,8 prosent, mot låge 2,7 prosent i Noreg. For svensk ungdom er arbeidsløysa 22,5 prosent medan ho er 8 prosent i Noreg. I fjor steig talet på svenske arbeidstakarar i Noreg til over 25.000. (©NPK)
Les òg: Ungdom fryktar framtida