Sommarleir for likestilling

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.


Denne veka er omlag 120 aktivistar frå heile Noreg samla på Raud Ungdom sin sommarleir på Gulsrud leirsted for å lære om politikk.

Politiske ungdomsleirar er stort i Noreg: Kvart år arrangerar alle ungdomspartia leirar rundt omkring i landet. Men kva skjer eigentleg på ein sosialistisk sommarleir?

Bading og teltliv
Gulsrud leirsted ligg nydeleg til ved Tyrifjorden. Leirstaden har tidlegare vore i eige av Normisjon, og no er det tre eigarar som har plan om å gjere leirstaden om til ein Noas Ark, eit bibelopplevingssenter. Men dei einaste “dyra” som er her denne veka er tenåringar frå Raud Ungdom, som fnisar og les høgt frå Bibelen i gangane.

For på denne leiren er det ikkje nett Bibelen som står i fokus, men marxisme og feminisme: Denne onsdagen har det vore politiske verkstad, og seinare skal partileiar Bjørnar Moxnes halde kurs i retorikk. Politisk skulering, altså, men skal vi tru leirdeltakarane skjer det vel så mykje i pausane: Bading, flørting og evigvarande diskusjonar sommardøgnet rundt. Om alt frå vegbygging til ølbrygging.

Amalie Fevang er ei av mange som nyttar ei veke på politikk. Det er første gong ho er på sommarleir, og sjølv om leiren berre starta i går, fortel ho at det har gått over all forventing. Når ho blir spørt om kva som er bra, treng ho ikkje lang tid til å tenkje seg om:

Folka! Bading: I regn, i sol, om natta…. Nett det er ikkje lov då, men vi har gjort det likevel!

Ho fortel at ho på førehand var litt nervøs, sidan ho aldri hadde vore på leir før.

Men alt har gått bra, til og med å sove i telt!

Arbeidet for ein perfekt leir
Ei av dei som fyk rundt i gangane er leirsjef Marie Sørhaug (20). Til vanleg er ho generalsekretær i Raud Ungdom, men denne veka er ho sjef for program, liv og helse til dei 120 ungdomane som virrar rundt på Gulsrud. Vi set oss ned ein augneblink for ein pust i bakken. Ho fortel at dei har arbeidd sidan januar med å få til ein perfekt leir.

Først måtte vi jo finne ny leirstad, sidan vi har brukt å vere på Utøya, seier ho. I tillegg må ein finne innleiiarar, kulturprogram, folk til å leie verkstadar, underhaldning.

Det må jo ha vore eit utruleg arbeid? Ho ler. Joda, seier ho:

Men så ser du kor nøgde folk er, etter dei har kome opp frå sjøen. Eller du snakkar med dei etter at dei har vore på ei innleiing, og det lyser i auga deira, fordi dei plutseleg har oppdaga noko. Då er det verdt det.

For det er nett det som kan gjere ein perfekt leir, meiner leirsjefen:

Kombinasjonen av alt det sosiale, med ny læring. At dei skal få nokre verkelege auge-opnarar. Og nye vener!

For på leiren er det folk frå heile landet, fortel ho. Folk frå Finnmark til Kristiansand. Her kan ein få vener frå heile landet!

LES ÒG: Storstreik mot lekser i skulen.

Feminisme og internasjonal solidaritet
Hovudtemaet for leiren er feminisme: Temaet går igjen i fleire av innleiingane, i tillegg til at det er ein del av slagordet til Raudt: Feminisme, Klassekamp, Antirasisme. Men kvifor er eigentleg feminisme så viktig? Leirsjef Marie forklarar:

Sjølv om vi seier at Noreg er verdas mest likestilte land, så er det jo ikkje heilt sånn. Det er framleis mange utfordringar igjen. Kvinner tener framleis berre 85% av det menn gjer, og valdtekt er eit kjempeproblem. Sjølv om vi er komne langt, er det enno langt igjen til mål, seier ho.

Aktivisten Amalie er samd. Ho meiner dessutan at det er bra at feminisme er tema, fordi ho har mange vener som ikkje likar feminisme.

Og då er det bra med argument så ein kan overtyde dei, meiner ho.

Men på Gulsrud snakkar dei ikkje berre om feminisme i Noreg. Dei har òg det internasjonale perspektivet. Under leiren føregår ei innsamling til ein organisasjon for kvinner i Afghanistan, OPAWC. OPAWC står for Organization for Promoting Afghan Women's Capabilities, og er ein organisasjon som arbeider for utvikling blant afghanske kvinner.

For det er sånn vi kan svare på krigspolitikken til Noreg, seier leiar i RU Seher Aydar.

Leirsjef Marie legg til at organisasjonen, på grunn av pengemangel, risikerer å måtte legge ned eit av programma sine, eit program for å gje kvinner yrkesrøynsle.

Dermed kjennest det ekstra viktig å samle inn pengar til dei no, avsluttar ho.


LES ÒG: Seher Aydar vil ha eit klassefritt samfunn.