Oljearbeidarar krev 4.000 per natt for sengedeling
Statoil sparer 200 millionar kroner på at tilsette deler lugar på Gullfaks C-plattforma i august, meiner fagforeininga Lederne, som krev 4.000 kroner ekstra per døgn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statoil ønskjer å gjennomføre planlagt vedlikehaldsarbeid på plattforma på 17 dagar – fem dagar mindre enn normalt, og ved at opptil 126 personar deler lugar og søv på skift, skriv Aftenbladet.
Terje Herland i Lederne meiner Statoil sparer 200 millionar kroner på lugardelinga, det same som leige av eit ekstra flotell med ekstra lugarar truleg ville kosta.
– Difor vil vi at oljeselskapa skal betale så dei merkar det for lugardelinga, seier Herland. På vegner av medlemmene i fagforeininga krev han 4.000 kroner per natt i kompensasjon for å dele lugar. I tillegg vil medlemmene hans ha 600 kroner for å reie opp senga si.
Oljeselskapa og bransjeforeininga OLF (Oljeindustriens Landsforening) på si side vil berre betale 750 kroner i kompensasjon for lugardeling. '
– Aller helst vil vi ikkje ha lugardeling. Dette har vi kjempa mot i mange tiår og er djupt fortvila over at regjeringa valde å opne for bruk av lugardeling ved vedlikehaldsarbeid på offshoreinstallasjonar frå 1. juli, seier Herland Søknaden vart først avslått av Petroleumstilsynet (Ptil), men deretter innvilga av Arbeidsdepartementet etter at regelverket vart endra slik at lugardeling kan skje ved vedlikehaldsarbeid.
Dersom revisjonsstoppen må vare lenger enn 17 dagar, kan Statoil tape verdiar i reservoaret, seier pressetalsmann Eskil Eriksen.
Han vil ikkje kommentere utrekninga frå Lederne om at dei sparer 200 millionar, men stadfestar at Statoil har søkt om såkalla «utvida køyekapasitet» for 126 arbeidarar.
– Vi jobbar framleis for å få talet så lågt som muleg, seier Eriksen. (©NPK)