Åtte av ti kvinnelege universitetstilsette vil ha meir likestilling på arbeidsplassen sin.

NPK-NTB
NPK-NTB

Forskarane Cathrine Seierstad og Geraldine Healy har intervjua 240 akademikarar frå universiteta i Noreg, Sverige og Danmark om korleis dei opplever likestilling, barrierar og diskriminering på arbeidsplassen.

Intervjuobjekta fortel at informasjon, rekruttering, opprykk, kontrollstrategiar og organisasjonskultur er definert av og tilpassa mannlege arbeidstakarar, skriv Bergens Tidende og Dagsavisen.

Kvinnene føler diskrimineringa spesielt tydeleg i tilsetjingsprosessar. Over halvparten av dei fortalde at dei meinte dei måtte jobbe mykje meir enn menn for å oppnå den same statusen. (©NPK)

Les òg: Kvinnejobbar meir verd enn oljen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38
ANNONSE