Store brusflasker blir forbodne
Borgarmeisteren i New York City sitt forslag om forbod mot store brusflasker er venta å passere i september.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtida har tidlegare skrive om at borgarmeisteren i New York, Michael Bloomberg, foreslo forbod mot sal av store brusflasker i byen.
Forslaget frå helsetilsynet i byen vil avgrense porsjonar med sukkerholdige drikker til maks 16 gram (473 ml) utanfor daglegvarebutikkar, skriv Reuters.
Forslaget er venta å bli vedteke i ei avstemming 13. september.
Coca-Cola: – Fornærming
Coca-Cola Co har kalla Bloomberg-forslaget ei fornærming mot New Yorkarar, og peikar på at sjølv om amerikanarane drikk mindre søte drikkar enn før, veks talet på menneske med fedme.
Mange motstandarar ser tiltaket som uønska statleg intervensjon, medan tilhengjarane seier tiltaket er avgjerande er å bekjempe fedme.
Inga ernæringsmessiv verdi
Kelly Brownell, direktør for Rudd Center for Food Policy and Obesity ved Yale University, hevdar at brus er den største kjelda til sukker i typiske amerikanske diettar og at drikken er utan ernæringsmessig verdi.
– Om folk blir servert større porsjonar, forbrukar dei vanlegvis meir, sa ho. – Dette er for meg ein modig og konstruktiv politikk som er fullt støtta av vitskaplege bevis.
Talsmenn for byrådet siterar statistikk som syner at 58 prosent av vaksne i New York City og nesten 40 prosent av offentlege skuleelevar er overvektige.
Bloomberg har tidlegare fått byen til å lage forbod mot røyking i barar, restaurantar og offentlege stader, utestengt kunstig transfett i restaurantmat og kalorioversikt på hurtigmatsutsal.
Dersom tiltaket blir godkjent, vil det tre i kraft i mars.
Fleire andre amerikanske byar, som Boston i Massachussetts, jobbar for å innføre liknande tiltak der.
Les òg: Frankrike innfører skatt på drikkevarer med sukker i