Noreg kjem på tredjeplass i The Global Food Index, som rangerer kvalitet, sikkerheit og tilgjenge for mat i 105 av landa i verda.

NPK-NTB
NPK-NTB

Tek ein omsyn til norsk lønnsnivå har vi også billeg mat, men samstundes svært usunn mat, går det fram av ein rapport frå Economist Intelligence Unit (EIU) omtalt i Dagbladet.

Nordmenn brukar ein mindre del av inntekta til kjøp av mat enn borgarane i dei fleste andre land i verda, men hamnar heilt nede på 14. plass når det handlar om næringsrik og sunn mat. Delen av sporstoff i mat er livsviktig, men utgjer ein altfor liten del av matinntaket til nordmenn, går det fram av rapporten.

Sentrale deler av rapporten handlar om ekstreme prisaukingar på mat i mange delar av verda, noko som har sendt millionar av menneske ut i fattigdom og underernæring. Samstundes har fedme vorte ein folkesjukdom over store delar av den vestlege verda.

I USA aleine reknar ein med at det vil vere 103 millionar overvektige i 2018. Det daglege inntaket av mat i landet inneheld gjennomsnittleg 3748 kaloriar. Berre i Australia et folk meir kaloririk mat, der ligg gjennomsnittet på 3819 for vaksne (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE