Kvinner og høgt utdanna hugsar betre

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinner og høgt utdanna hugsar betre

Forskarar frå Aarhus Universitet slår fast at kvinner og personar med høgare utdanning har dei tidlegaste barndomsminna, skriv Videnskab.dk

Nesten eitt år i skilnad
– Dei første minna hjå individ som berre har gått på vidaregåande skule kjem gjennomsnittleg frå 4,7 år, medan det første minnet  personar som har starta eller fullført høgare utdanning i gjennomsnitt har, er frå alderen 3,9 år, seier Osman Shield Kingo, som er ein av forskarane bak studien.

Språk viktig
Forskarane har ikkje undersøkt kvifor alder og utdanning påverkar minnet, men det finst teoriar på feltet.

– Vi kan sjå i dataa våre i høve til utdanning at menneske med høgare utdanning har kome frå ein heim der det har vore mykje snakking og der dei har fått lov til å styre samtalen mykje. Ikkje så mykje "ja" og "nei", men dei har fått lov til å fortelje og fortelje meir – og det bidreg til at minnet held seg ".

Språk hjelp altså med å forklare kvifor kvinner har ein tendens til å hugse betre enn menn, konkluderar forskarane.

– Vi er ikkje dei første til å sjå at kvinner hugsar lenger tilbake enn menn – det er rimeleg etablert kunnskap. Det er fleire moglege forklaringar. Ein av dei er at jenter er raskare til å lære språket og språket bidreg til å hugse. Dess betre språk du har, og dess meir du får snakke om noko, dess betre sit minnet om det fast, forklarar forskaren.