Markerer eittårsdagen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sunnhordland var ein av regionane som slapp billegast frå terroråtaket. Ingen med adresse Sunnhordland var til stades, korkje på Utøya eller i regjeringskvartalet 22. juli 2011.

Det har ikkje vore AUF-lag i Sunnhordland på mange år, men rett før jul vart AUF stifta på Stord. Også mange andre parti har fått eigne ungdomslag i Sunnhordland siste året.

– Eg har blitt kontakta av mange som lurer på kor tid me har møte, og det er stadig fleire som melder seg inn, seier Ragnhild Kalleklev Voreland (17), leiar i AUF sitt lokallag på Stord.

For tida har lokallaget rundt 20 medlemmer, og dei veks stadig.

LES OGSÅ: Filma valkampen – så endra alt seg

Større aktivitet
– Me er framleis i oppstartsfasen, men me har fått mykje hjelp frå regionallaget til Hordaland AUF, seier Maja Synnøve Husby (19), som er nestleiar i lokallaget på Stord. Lokallaget vart skipa i desember i fjor, men Husby melde seg inn i AUF allereie i fjor vår. Også Voreland hadde lenge vore sterkt politisk interessert.

– Eg fann ut i fjor vår at AUF var det ungdomspartiet som hadde verdiar som samsvara mest med mine, og terrorangrepa 22. juli gjorde at eg fekk endå større grunnar til å melda meg inn, fortel ho. Det ser ut til at mange ungdommar har gjort seg liknande tankar.

– Det er mange fleire no som er interesserte i å snakka om politikk, meiner Husby. Voreland er samd.

– Det at ein mann kunne ta så mange liv og prøva å svekka det norske demokratiet, gjorde at særleg ungdommar blei endå meir interesserte i å få fram sine meiningar og syn om eit betre, rettferdig og solidarisk Noreg, seier ho bestemt.

LES OGSÅ: – Eg har fleire meiningar no enn før

Held fram arbeidet
Husby flyttar no til Ørsta for å gå på folkehøgskule, og kjem dermed ikkje til å vera aktiv i AUF på Stord meir.

– Medan eg går på folkehøgskule vert det truleg ikkje så lett å vera med i noko lokallag, men når eg skal byrja å studera på universitetet kjem eg til å vera aktiv i AUF igjen, fortel ho. Voreland skal byrja i andre klasse på musikklinja ved Stord vidaregåande skule, og held fram som leiar i lokallaget.

LES OGSÅ: Viljar vann valet – og livet

– No i oppstartsfasen har me fått mykje støtte frå Hordaland AUF sitt regionallag, mellom anna har me vore på kurs i lokallagsleiing og debatt. Det ser bra ut framover; eg trur me kjem til å få endå fleire medlemmer i tida som kjem, kjem det frå lokallagsleiaren.

LES HEILE SAKA I SUNNHORDLAND!