På patrulje for sommarvikarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den årlege sommarpatrulja frå LO Hordaland avslutta med innsats på Voss sist veke. Samtidig som Arild Grimastad Iversen og Sonia Pandher hadde kontakt med unge arbeidstakarar på Amfi-senteret, fekk avisa informasjon om at ein ungdom ein annan stad på Voss hadde vorte pålagt av arbeidsgjevaren sin å fortelja at han/ho hadde skriftleg arbeidskontrakt, sjølv om dette ikkje var sant.

Elise Dåvøy, fagleg ungdomssekretær i LO Hordaland, synest det er veldig alvorleg at nokon får arbeidstakarane sine til å lyga om slikt.

Overhøyrer dei unge
– Det hender og at me opplever at arbeidsgjevarane «heng» over ungdomane me snakkar med, som om dei vil høyra kva som vert fortalt. Me er veldig skeptiske til det, for det verkar som om dei er nervøse for det ungdomane vil fortelja. I slike tilfelle håpar me at ungdomane vil kontakta oss i etterkant. Det er òg mogleg å tipsa sommarpatrulja anonymt, legg Dåvøy til.

På Vero Moda på Amfi synest Ann Margareth Walaker Hutchinson at det var grei informasjon ho fekk frå sommarpatrulja.

LES OGSÅ: Arbeidsoppgåver viktigare enn lønna

– Noko av det var nytt for meg, men det meste visste eg om frå før. Her er alt som det skal vera, meiner ho.

Betre resultat
Arild Grimastad Iversen og Sonia Pandher er ei av i alt fire grupper som er i kontakt med arbeidsgjevarar og unge sommarhjelper i ulike bransjar på Voss, denne dagen.

LES OGSÅ: LO-patrulje fann lovbrot

– Me finn litt brot her og der, og mange ungdomar veit ikkje om kva rettar dei har. Men det har òg vore ei forbetring, både hjå arbeidstakarane og hjå arbeidsgjevarane, synest dei å registrera.

Om den skriftlege arbeidskontrakten skulle mangla, kan det ofte ordnast på staden, så sant dagleg leiar ikkje er på ferie. Å oppmoda folk til å organisera seg i arbeidstakarorganisasjonar er også aktuelt.

Mykje er betre
Elise Dåvøy er ansvarleg for sommarpatruljane på andre året, og har sett at ting vert betre.

– I fjor var det brot på regelverket på over halvparten av dei 275 arbeidsplassane me besøkte. I år besøkjer me på ny alle stadene der me avdekka brot, og på stader me har fått tips om – i tillegg til ein del andre så langt me rekk. Så langt har me registrert 28 pst brot i Hordaland, altså ei temmeleg klar forbetring.

Dei fleste problema klarar dei å ordna opp i på staden. Er det verkeleg graverande tilstandar, vert Arbeidstilsynet varsla.

– Det skjer når det er verkeleg ille, eller når me ikkje får sleppa inn. Me har ein slik stad på Voss, der me ikkje får tilgang. Denne arbeidsstaden har me vorte nekta tilgang til to gonger på sommartid og to gonger om vinteren.

LES OGSÅ: Underbetalt og redd for sjefen

Både-òg
Patruljane møter «mykje forskjellig», ifølgje Elise Dåvøy.

– Mange er glade for at me kjem, andre seier dei har skjerpa seg. Og så har me atter andre som ikkje er interessert i å retta seg etter det me forklarar.
Informasjonen dei deler ut orienterer om ungdomane sitt krav på skriftleg arbeidskontrakt, og opplæring. Lønsslipp skal alle ha, og arbeidsgjevar skal trekkja skatt. Reglane for arbeidstid er det også greitt å merka seg, for ungdom under 18 år gjeld t.d. litt andre reglar enn for dei over 18. Retten til overtidsbetaling er også med på lista over viktige emne dei skal informera om.

Halvparten
Sommarpatrulja på Voss avdekka brot på regelverket hjå halvparten av dei 22 kontrollerte verksemdene. Fire av brota galdt manglande arbeidskontrakt, medan to verksemder hadde mangelfulle arbeidskontraktar. Elles var brot på reglane om overtid det mest vanlege, også det med fire brot. To brot galdt pausar. Eitt av brota vart ordna opp i på staden.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!