Glastak stengjer for kvinnene

Det herskar inga likestilling ved universiteta i Skandinavia, ifølgje forskarar frå Storbritannia og Noreg.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trass i at dei skandinaviske landa blir rekna for å vere gode på likestilling, viser det seg å vere annleis i akademia. Ifølgje Forsking.no har kvinnene i Noreg, Sverige og Danmark færre professorstillingar enn det som er gjennomsnittet i EU.

Ein ny rapport konkluderer med at det finst usynlege kjønnsbarrierar ved dei skandinaviske universiteta. Til dømes peikar forskarane på at rekruttering, klatring på den interne stigen og organisasjonskultur er definert av og tilpassa mennene på arbeidsplassen. I tillegg meiner forskarane at foreldrepermisjonsordningane i Skandinavia er så gode at dei kan lage hinder for karrieremoglegheitene til damene.

At nokre kvinner heller ikkje har eit stort nok ynskje om å få toppstillingar i akademia, kan òg vere ein faktor.

– Er likestilling ved dei nordiske universiteta i røynda berre ein fjern draum, spør forskarane Geraldine Healy og Catherine Seierstad i den siste utgåva av Work, Employment and Society. (©NPK)

Les òg: Rekordmange jenter