100.000 til bibliotek

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me søkte om to tilskot på 50.000 kroner til aktivitetar i biblioteket, og fekk altså begge, seier ein nøgd biblioteksjef ved Voss bibliotek, Inger Dyrnesli.

Mange søkjarar
Midlane vart utlyste i samband med at det i 2013 er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Heile 92 folkebibliotek søkte om midlar til aktivitetar med fokus på nynorsk litteratur, og Voss bibliotek var ein av 44 søkjarar som nådde fram.

– Dette er me veldig nøgde med. Me er alt i gang med å planleggja arrangement for 2013 av pengane. Fokuset kjem til å vera på nynorske kvinnelege forfattarar, i og med at det i 2013 er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett i Noreg. Me kjem også til å ha eit større Jon Fosse-arrangement, fortel Dyrnesli.

Les òg: Halve befolkninga brukar biblioteka

Spennande program
Utan å røpa for mykje, kan biblioteksjefen lova eit variert og spennande program neste år.

– Me kan ikkje gå ut med for mykje sidan me enno berre er i planleggingsfasen. Men me går etter dei beste forfattarane til å halda føredrag, og vonar også å få dramatisert ein del tekstar, i tillegg til å ha musikalske innslag, seier ho.

Les saka i Avisa Hordaland!