Norske jordbærbønder gjev seg – importen aukar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jordbærimporten aukar

I 2001 hadde Noreg vel 1.100 jordbærprodusentar. I fjor var det berre 449 jordbærbønder att her i landet, skriv Nationen.

Sjølv om talet på produsentar har falle, aukar produksjonen mellom jordbærbøndene som er att. Medan 60 prosent av jordbærprodusentane på ti år har avvikla drifta, har talet på dekar med jordbærproduksjon berre gått ned med 3.000 i same periode. I dag blir det dyrka jordbær på 14.263 dekar her i landet.

Mange av dei som har slutta, har drive for smått, meiner Arvid Laksesvela i Grøntprodusentenes Samarbeidsråd (GPS).

Les òg: Norske jordbær er dei sunnaste

– Jordbærproduksjon er svært dyr og arbeidskrevjande. Bøndene må til dømes leggja til rette for sesongarbeidarar med innkvartering, og vêret kan føra til dårlege inntekter fleire år på rad, seier han.

Produksjonen innanlands er for liten og dekkjer ikkje etterspurnaden. Kvart år et kvar av oss omtrent 4 kilo jordbær – totalt litt over 10.000 tonn. Importen i fjor var på 7.500 tonn.

Les òg:Lite gift i norsk mat

 – Det blir importert bær heile året, men no ser vi at vi sjølv i den norske høgsesongen ikkje klarer å metta marknaden med norske bær. Då er vi avhengig av import, som styrer prisane på dei norske bæra, seier Laksesvela. (©NPK)