Foreldre viktige for rekruttering til realfag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foreldre påverkar utdanningsval

Det er forskarar på universitetet i Wisconsin som nyleg har publisert ein artikkel som vektlegg kor viktig det er å få foreldra med på laget om ein skal rekruttere ungdom til å velgje naturvitskaplege studiar, matematikk eller teknologi.

Konklusjonen støttar opp under noko som forskningsprosjektet Vilje-con-valg ved Naturfagsenteret og Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo fann ut i 2009, nemleg at over halvparten av dei spurte studentane sa at foreldra motiverte dei til å velje yrke.

I fleire samanhengar har det tidlegare kome fram at visse kampanjar for å rekruttere til naturfagsutdanning har lita effekt

 – Foreldre står i ei særstilling
Jørgen Sjaastad ved Universitetet i Oslo forskar på rekruttering til realfaga og korleis foreldre påverkar utdanningsval, og går langt i å støtte forskningsresultata frå Wisconsin.

– Alle resultat frå forskinga mi peikar i denne retninga: Dei menneska som står i ein personleg relasjon til ungdom har eit unikt høve til å hjelpe desse med å ta gjennomtenkte utdanningsval. Her står foreldre i ei særstilling, seier Sjaastad.

– Utdanningsval er ikkje utelukkande basert på kva ein veit om faget eller yrka, men også på kva ein veit om seg sjølv – sine interesser, evner og moglegheiter, seier han, før han legg til:

– Foreldre er blant dei som i størst grad er med på å forme korleis den unge tenker om seg sjølv. Får ein foreldra med på laget, følgjer gjerne barna etter. Dette gjeld utdanning generelt, men òg utdanningsval spesielt, konkluderar Sjaastad.

Andre tilnærmingar
Fleire rekrutteringstiltak opp gjennom åra har bore få frukter, og Sjaastad meiner ein gjerne kan tenke nytt når det gjeld korleis ein tilnærmar seg ungdom.

– Ein kunne med fordel hatt større bevisstheit rundt verdien av å gi ungdom personlege møte med realistar, seier han.

– Eg ville ha oppmuntra dei som tek imot klasser til bedriftsbesøk å la dei unge få møte eit spekter av personane som jobbar der. Gutar og jenter lurer på om "eg kunne passa inn ein slik stad", og då held det ikkje kun å få møte maskiner og sjå ei byste av fabrikken sin grunnleggjar, meiner Sjaastad.

–Eit potensial vi kan utnytte betre
Maria Vetleseter Bøe forskar på rekruttering til naturvitskap og teknologifag ved Senter for naturfag i utdanninga og arbeider for å auke denne.

Bøe meiner at god rekruttering både handlar om å motivere dei unge og å nå ut til foreldra i enda større grad enn ein har gjort tidlegare.

– Eit veldig viktig punkt er å vise fram breidda innanfor naturvitskap, matematikk og teknologi – at mange ulike interesser, talent og hjartesaker kan dyrkast i ei rekkje ulike utdanningar og yrker. Desse kan vi heilt klart vise fram mykje betre, både til ungdom sjølve og foreldra, seier Bøe.

Må oppleve at dei har teke valet sjølve
Bøe vektlegg at det er viktig å ha fleire parallelle fokus for rekrutteringsarbeidet, men at felles for alle måtar å fremje rekruttering på er at ungdommen må kjenne at dei sjølve har ein finger med i spelet.

– Ungdom sjølve er opptekne av at utdanningsvalget skal vera deira personlege val, og kome "innanfrå", heller enn frå eksterne kjelder. Det betyr sjølvsagt ikkje at foreldre og andre personar ikkje påverkar, men at ungdommane må oppleva at dei har teke valget sjølve, avsluttar ho.

Ta testen, og finn ut kva realfag som passar for deg!