Prosjektsekretæren i Språkåret kjem frå Volda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kulturdepartementet har bestemt at 2013 skal vere eit nasjonalt språkår som gir ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og hundreårsjubileet for Det Norske Teatret, heiter det i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Eldhom tek til i stillinga som prosjektsekretær i Språkåret 1. september. Ho kjem frå ei stilling som assistent i Oppigarden barnehage i Volda.

Aktiv i frivillig kulturliv

Den nye prosjektsekretæren har ei bachelorgrad frå Høgskulen i Volda med fordjuping i planlegging og administrasjon.

Ho har mellom anna arbeidd som kontorsekretær i Korskirken i Bergen, i Bjørgvin krets av Norges KFUK/KFUM, journalarkivet ved Fylkessjukehuset i Volda, og som konsulent i Volda kommune.

Eldholm har òg vore aktiv som leiar i speidarmiljøet i Volda og på Sunnmøre i mange år, og som frivillig under Dei nynorske festspela.

– Språkåret tek form
Prosjektleiaren i Språkåret, Inger Johanne Sæterbakk, tok sjølv til i stillinga si 29. juni. Ho er glad for å få Eldhom med på laget.

– No tek Språkåret form, og det blir godt å få Eldholm med i alt det som no skal på plass, uttaler Sæterbakk i pressemeldinga.

– Dette er i ferd med å ta av. Grupper og miljø frå heile landet tek kontakt og legg store planar. Strategien vår om at kven som helst kan gjere kva som helst om språk, appellerer tydeleg sterkt, fortel Sæterbakk.

I august lyser Nynorsk kultursentrum ut den tredje og siste stillinga i Språkåret. Det er stillinga som programplanleggjar, som skal drive fram og samordne arrangement over heile landet, opplyser Sæterbakk. (©NPK)