Når eit større mangfald av kvardagskroppar og kvinneleg kroppshår inntek visuell kultur, er reaksjonane sterke. Kvifor er den naturlege kroppen så farleg?

Hanna Maria van Zijp/Dag og Tid
Hanna Maria van Zijp/Dag og Tid

Denne veka blei bilete av Aqua-Lene Nystrøm og golfspelar Suzann Pettersen gjorde offentlege. Plastisk opererte Nystrøm valde halvpornografiske bilete, og Pettersen satsa naturleg, i bileta som skal trykkjast i ulike magasin.

Gamle nyhende
Få lettar på augnebryna av Nystrøm og Pettersen. Med jamne mellomrom dukkar det opp ulike bilete av lettkledde, straumlinjeforma kroppar.

Det har rett og slett blitt keisamt.

Dagens Næringslivs livsstilsmagasin D2 har derimot skapt reaksjonar. Magasinet proklamerte førre veke at det glattbarberte 2000-talet var over. Eit estetisk opprør mot venleiksregimet kunne merkast både i motebransjen og på grasrota, hevda magasinet. Kjende og ukjende kvinner, som bloggar Maja Casablancas og programleiar i «Nasjonalgalleriet» Helle Vaagland, poserte med hår under armane.

Då leiar for Senterpartiets ungdomsorganisasjon, Senterungdommen, Sandra Borch, nyleg stilte opp på lettkledde bilete i Senterungdom-kalenderen, opplevde ho at den anonyme hetsen ho vanlegvis får, blei grovare.

Borch er nemleg kortvaksen – og får høyra det. Ho har blitt tjukkhuda etter fleire år i politikken. «Eg gir faen og gjer det igjen. Eg trur det nye biletet vil provosera nokon. Men me vil visa at du kan vera fin og ha det kjekt, sjølv om du ikkje er 180 centimeter høg og modell», seier Borch til VG.

Helsing til mobbarane
– Dei første kalenderbileta kom i vinter, der eg hadde ein liten kjole med ein kalv i handa og ei gaupe i bakgrunnen. Hetsen kom på nettet, særleg på bloggen min. Eg er ein person som ikkje tek meg nær av ting, så etter hetsen og alle stygge kommentarar ville eg gjera det endå dristigare, noko eg ikkje angrar i det heile teke, utdjupar Borch til Dag og Tid.

– Eg heller litt bensin på bålet. Eg ønskjer eit oppgjer med alle mobbarane der ute. Eg har vore mykje usikker og hatt dårleg sjølvtillit gjennom åra og hadde aldri gjort det for fire år sidan. Ved å delta i politikken blir du ein offentleg person. Då må ein godta at folk ser rart på deg. Det er ei mestringskjensle å læra seg å gi faen i det.

Kropp er politikk
Blant dei positive tilbakemelding¬ane har mange kome frå unge jenter som skriv at dei trassar funksjonshemmingane sine og blir politisk aktive.

– Det er det eg ønskjer fokus på, at unge jenter vil ha den perfekte kroppen. Jenter ned i trettenårsalderen går på diettar. Det som er viktig, er at ein aldri kjem til å sjå ut som Rihanna. Ein må godta den kroppen ein har, og gjera det beste ut av det, seier Borch.

Sjølv om Senterungdom-kalenderen handlar om å snakka fram bygda, er det ikkje tilfeldig at bileta er lettkledde. For Borch er kropp også politikk.

– Dette er ei politisk sak som handlar om mobbing og det å stå fram som den ein er, for å motivera andre som ikkje er 1,72 og 45 kilo.

– Me skimtar større interesse for andre typar kvinnekroppar og -roller med til dømes TV-seriar som Girls eller kroppshår. Likevel er dette førebels unnatak. Venleik, kropp og sex er på grensa til det parodiske straumlinjeforma i mykje visuell kultur, seier redaktør i det feministiske tidsskriftet Fett Charlotte Myrbråten.

Myrbråten meiner at det no finst ei større kjensle for meir sjølvstendig tenking, og at fleire kan velja ulikt.

– Problemet er ikkje barbering i seg sjølv, men det er eit problem når alle vel å gjera det. Då må me spørja kvifor. For jenter har det å ha ein helt hårlaus kropp blitt det «naturlege». Det er merkeleg at kvinnekroppen skal formast og stailast så mykje for å bli det me ser på som naturleg.

Det sjokkerande håret
Reaksjonane på bileta av modellane med hår har «fått folk til å reagera kraftig på nettet», seier Myrbråten.

– Kroppshår på jenter er tydelegvis utruleg provoserende.

Men kvifor dette sjokket over noko alle veit?

– I 1980-åra såg ein eit skifte bort frå det naturlege. Vår generasjon har mest ikkje sett hår på kvinner i det heile i visuell kultur. Dermed er rådande haldning at det er det unaturlege. Det som i utgangspunktet er naturleg, blir sett på som provoserande, mandig og uflidd. Det er veldig kult om denne trenden kan snuast. Det trengst ei motvekt som seier at du er fin akkurat slik du er.

Då fjernsynsserien Girls nådde norske fjernsynsskjermar denne våren, gjekk kritikarar og sjåarar med ei letta kjensle i kroppen. Hovudpersonen «Hannah», spela av Lena Dunham, som også har skrive og regissert Girls, har ikkje Tone Damli-kropp.
Kontrasten er stor til motstykket Sex and the City (1998–2004), den kanskje største vestlege fjernsynssuksessen for unge kvinner på 2000-talet. Dei fire langbeinte hovudpersonane spaserte i designarskor til og frå brasiliansk voksing og salatlunsjar, ei glansa innpakking som overskygde dei feministiske utsegnene i nesten kvar episode.

Girls-skapar Dunham har vakse opp med glamorøse Sex and the City, men framstiller livet – og kroppen – slik det kan vera for ei vestleg, kvit kvinne. Dunham ville at den usikre hovudpersonen «Hannah» skulle ha «a chubby feel».
Klønete og kleint

Gry Rustad er medievitar og skriv doktorgrad om fjernsynsseriar. Ho peikar på at situasjonskomedien tradisjonelt har vore den TV-sjangeren der kvinner har sloppe til som ein aktiv hovudperson, som i I Love Lucy, The Mary Tyler Moore Show, Roseanne og 30 Rock.

Det som er mest oppsiktsvekkjande med Girls, er iscenesetjinga av kvinneleg seksualitet, der førestellingar om korleis kvinner blir framstilte, blir utfordra. Det er klønete og kleint, skildra på ein humoristisk måte. «Hannah» er ein kvinneleg Larry David, ifølgje Rustad.

– På amerikanske nettdiskusjonsfora har det blitt eit kjempestort tilbakesteg i kjølvatnet av Girls. Mykje av kritikken mot serien går ut på at «Hannah» er så stygg og ekkel. Det seier noko
om seksualiseringa av kvinner på TV. Kvinner skal vera tynne og pene.

Les saka i Dag og Tid!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

ANNONSE