Best på europeiske samarbeid
Sogn og Fjordane ligg på noregstoppen når det kjem til europeisk utdanningssamarbeid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekna ut frå tildelinga per innbyggjar, er Sogn og Fjordane det mest aktive fylket i landet.
Nye erfaringar
I år har aktørane i fylket fått tildelt 1,9 millionar kroner frå EU til europeisk utdanningssamarbeid.
– Europeiske skulesamarbeid gjev nye erfaringar, kontaktar og inspirasjon, og fører gjerne til ei kvalitetsheving i undervisninga. Det er spanande å sjå at det er eit ruralt fylke som er mest aktiv i europeisk utdanningssamarbeid, seier siv Andersen, avdelingsdirektør for SIUs Avdeling for grunnopplæring.
Støttar lokale prosjekt
Om lag 800.000 kroner av desse midlane kjem frå Comenius- programmet, EU sitt utdanningsprogram for barnehage og skule.
Blant dei lokale prosjekta som får støtte er Høyanger vidaregåande skule med prosjektet "Small towns in Europe- identity, challenge and opportunities", som får om lag 170 000 kroner.
Vestlandsk trend
Erik Johann Duncan, nestleiar ved Avdeling for grunnopplæring, meiner samarbeidet på tvers av landegrenser er ei aukande trend.
– Ein ser likevel store forskjellar på skuleeigarane sitt initiativ på nasjonalt plan. Fylka på vestlandet driv i stor grad med eskport innan ulike næringar, noko som gir utslag også i denne samanhengen.
Norske skular, barnehagar, kommunar og institusjonar får til saman 48 millionar NOK i 2012 frå EUs program for livslang læring (LLP).