Kven får Sp-plass på Stortinget?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kampen om ein mogleg stortingsplass for Senterpartiet er svært open, melder Nrk.no.

Vart spanande
Ein nominasjon som såg ut til å bli plankekøyring, vart med eitt spanande då Erling Sande valde familien framfor attval i juni.

Etter bomba om at Sande ikkje ville stille, er det no eit ope spørsmål kven som skal ha andreplassen og dermed få stortingsplass om Navarsete held fram i regjering.

– Mange gode
– Viss eg skal seie noko no så er det at topp-plassen er fast. Ut over det må vi ha korta opne, seier leiar i nominasjonsnemnda i Senterpartiet, Jan Herstad til NRK.

LES OGSÅ: – Eg har skifta meining om stemmerett.

Han trur ikkje det vil blir noko problem å få plass ein god kandidat.

– Vi har mange gode representantar å velje mellom i Sogn og Fjordane, så eg trur det skal gå greitt, seier Herstad. Han vil ikkje nemne namn.

Teke ferie
Sp-arane Nrk har snakka med har teke ferie.

Korkje Knut M. Olsen, Jenny Følling, Karen Marie Hjelmeseter, Per Kjøllesdal og Gunn Åmdal Mongstad, som alle kan vere moglege representantar, har teke stilling til om dei vil stille.

Det må dei ta stilling til innan 25. august.

– Det er klart det er spanande. Det er eit viktig val og det er mange som har lyst til å stå på denne lista, seier Herstad.

LES OGSÅ: Ho skal leia Senterungdommen