Publikum valde Maria Parr

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Publikum har fått vere med på å avgjere kva forfattarar som først skal presenterast i utstillingsnyheita «Forfattarstemmene» gjennom å røyste på favorittforfattarane sine på Facebook-sida og nettstaden til Aasen-tunet. Maria Parr, mest kjend for barneboka «Vaffelhjarte», fekk flest stemmer.

I alt åtte forfattarar er med i den første utgåva av forfattarstemmene. Det er Kjartan Fløgstad, Jon Fosse, Frode Grytten, Olav H. Hauge, Rønnaug Kleiva, Olaug Nilssen, Maria Parr og Carl Frode Tiller.

Les òg: Korleis vart du du, Maria Parr?

– Over tid vil vi presentere ein god variasjon av nynorskforfattarar gjennom lydklipp frå samtalar, intervju og opplesingar, men vi ønskte at publikum skulle få vere med å velje dei første, seier dagleg leiar Gaute Øvereng.

Dei skjønnlitterære forfattarstemmene blir eit nytt element i den delen av utstillinga i Aasen-tunet som blir kalla Forfattarrommet. Tilbodet er ein del av ei større fornying i basisutstillinga i Aasen-tunet. (©NPK)

Les òg: Over 200 000 har sett Vaffelhjarte