Ku-trim til 250 millionar kroner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har lenge vore eit krav at bønder med båsfjøs må sleppe kyrne på beite i åtte veker kvar sommar, mens bønder med lausdriftsfjøs, der kyrne går fritt innandørs, har hatt unntak frå vedtaket. Frå nyttår blir regelverket endra, skriv Nationen.

Dei fleste gardsbruk har kyrne på beite og treng ikkje å investere i forbetringar. Men spesielt hos mjølkebønder som driv med robotmelking av kyrne, vil investeringsbehovet bli stort.

– 6,6 prosent av bøndene svarer at dei må investere over 100.000 kroner. Samla vil investeringsbehovet vere mellom 130 og 250 millionar kroner, seier fagsjef for helse og dyrevelferd i Tine, Olav Østerås.

På dei gardsbruka som ikkje har tilstrekkeleg med beitemark, opnar regelverket for å byggje luftegardar.

– Det er eit politisk ønske at Noreg skal vere blant dei beste i verda på dyrevelferd. At kyr får frisk luft og mosjon er positivt. Der dyra ikkje kan gå på beite, er luftegard betre enn ingenting, seier seksjonssjef Solfrid Åmdal i Mattilsynet.

I 2004 blei det forbode å byggje båsfjøs i Norge. I utgangspunktet skulle det bli totalforbod mot å bruke slike fjøs frå 2024, men dette er seinare blitt utsett til 2034. Innan den tid må alle gå over til lausdriftsfjøs. (©NPK)