Student og på bustadjakt?

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Når telefonen ringer på kontoret i andre etasje i Studentsenteret på Høyden i Bergen, prøver bustadrådgjeverane Karoline Malde og Anders Grønstad Friisk å svare roleg.

– Mange av studentane er stressa. Dei er veldig redd for at dei ikkje skal få bustad, seier Karoline Malde i BergenStudenten.

Saman med kollega Friisk har ho som oppgåve å gje råd til nye studentar som skal inn på leiemarknaden i Bergen til hausten. Studentar kan ringe til kontoret og få hjelp med mellom anna visning og kontraktar.

Målet er å unngå at studentar vert lurt når dei skal ut og leige bustad, kanskje er det fyrste gong dei skal forlate redet heime.

Misvisande
Sunniva Heen Jacobsen (20) er ein av dei som har ringt til BergenStudenten og fått hjelp.

– Eg er i full jobb og bur på Sørlandet. Då er vanskeleg for meg å gå på visningar i Bergen. Å få nokon til å sjå det eg seier ja til, betyr veldig mykje. Det at dei har greie på at det er sentralt og i nærleiken av skulen, er også viktig.

Jacobsen fekk mellom anna vite om ei leilegheit som skulle ligge sentralt, men som viste seg å vere nær ei mil unna skulen.

– Mykje av informasjonen ein får kan vere misvisande, fortel ho.

Gir råd
Friis og Malde har følgjande råd til deg som er på bustadjakt_

– Ha is i magen. Du kan bu på sofa hjå vener eller på madrass hjå Studentskipnaden dei fyrste vekene – då vert det uansett ikkje mykje søv.

– Lei aldri usett. Får nokon du kjenner til å gå på visning for deg.

– Finn fleire å bu saman med og lag eit kollektiv. Då betaler du gjerne litt mindre. I Bergen kan du til dømes redusere leia frå kring 4500- 5000 kroner til 4000 kroner på denne måten.

– Bruk standardkontrakt med gjensidig oppseiing på tre månader.

Hjå Forbrukerrådet  finn du standardkontrakt og andre nyttige tips for deg som skal leige bustad.  

Lett å bli utnytta
Studentbustadane si dekningsgrad i dei største byane er 12 prosent i Bergen, 14 prosent i Oslo,  14 prosent i Trondheim og 12 prosent i Stavanger, syner ei undersøking gjort av Norsk Studentorganisasjon. Svært mange studentar må difor ut på den private marknaden for å finne seg ein stad å bu.

Berre i Bergen er det no 2400 studentar i kø til 420 ledige studentbustadar.

– På den private marknaden kan det vere lett å bli utnytta. Det er det vi i BergenStudenten skal prøve å unngå. Vi vil filtrere ut useriøse aktørar som sender misvisande informasjon og bilete til studentar som er desperate og villige til å leige usett, seier Karoline Malde.

Tal frå Norsk studentorganisasjon syner at leigeprisane auka med 8,2 prosent i 2011, medan studiestøtta berre auka med 1,9 prosent.

– Det er altså mange fordeler med å vere litt kritisk til kva ein leiger. Det er dyrt, og dei fleste studentar er i dag avhengige av ein deltidsjobb ved sidan av studiane for å dekke alle utgiftene sine, seier Malde.

Student i Oslo
I Oslo er det kring 7750 studentbustader og kring 10.000 som bur der. Det er ingen frist for å søkje, men fortløpande opptak. Her søkjer du bustad i Oslo.

Studentsamskipnaden i Oslo har ikkje eit tilbod om bustadrådgjeving til studentar, slik som i Bergen.

Student i Tromsø
I Tromsø har samskipnaden 1506 utleiebustader. Unge studentar under 23 år og utanlandske studentar vert prioritert. Her søkjer du bustad i Tromsø.

Treng du hjelp og råd til å finne bustad i Tromsø, kan du få dette gratis hjå bolighjelpa.

Student i Trondheim
I Trondheim er det i underkant av 5500 personar som bur i samskipnaden sine bustader. Om ein søkjer no, er det ikkje mogleg å få plass frå hausten. Kring 3000 står på venteliste. Men det lønar seg å setje seg på venteliste, det gjer du her

Treng du bustadhjelp kan du kontakte Samarbeidsprosjektet hjå Studentskipnaden.

Student i Stavanger
Studentsamskipnaden i Stavanger har totalt 1037 bustadar. 81 nye bustadar vart ferdige ved årsskiftet. 

Det er få ledige frå hausten av, men nokre vil verte tildelt etter hovudopptaket 20.juli . 950 søkjarar står på venteliste. 

Her kan du setje deg på venteliste i Stavanger.

På nettsidene til samskipnaden kan du òg finne eit bustadtorg for private bustadar.