Gjennombrotet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med det svarte håret i bustar slår Chris Winfield seg ned utanfor Parkteateret, ein regnfull sommarføremiddag i Oslo. Ikkje lenge etter tuslar Eivind Fadnes til med svevnen i augo, og etter ei stund kjem også Dan Hesketh for å få morgonkaffen sin.

Den britiske kjerna i indiebandet Casa Murilo og manager og moldensar Eivind er litt slitne, men mest nøgde etter ei helg med Bygdalarm. Det har dei god grunn til å vere.

På veg gjennom lydmuren
Om to veker ventar Fjellparkfestivalen, Vinjerock og Bukta på ei og same helg, før Øya og Weinturm Open Air i Tyskland står for tur. Og endå skal publikum på to festivalar danse til den glade indierocken frå seksmannsbandet, før artistane sjølve kan lene seg tilbake og glede seg til albumslepp i oktober.

Casa Murilo ser ut til å ha funne oppskrifta: dei har den søte historia om korleis Chris og Dan møtte kvar si norske jente og slo seg ned i Oslo. Dei har dei kritikerroste liveshowa der publikum dansar frå første song. Dei har den lojale fanskara som stadig veks. Og dei har platekontrakta med Sony, eit av verdas største plateselskap.

Lettare å debutere, vanskelegare å lukkast
Medievitar Martin Svalastog har i si masteroppgåve studert korleis endringar i den digitale verda har påverka debutantar i den norske musikkbransjen. Funna hans er tydelege: Det har aldri vore lettare å debutere, og det har aldri vore vanskelegare å lukkast.

– Artistar er ikkje så avhengige av plateselskap som på midten av 90-talet. Kven som helst kan produsere sin eigen musikk og distribuere han på Internett, utdjupar Svalastog.

Medan plateselskapa før var einaste veg å gå, er verda no open for alle med ein song og ei datamaskin. Dermed vert det fleire om beinet.

– Veldig mykje musikk vert laga og distribuert, men aldri lytta til. Konkurransen om merksemda til publikum er større enn nokon gong og dermed vert det vanskelegare å slå gjennom, seier den ferske medievitaren.


LUKKAST: Chris Winfield, Daniel Hesketh og Eivind Fadnes klarar ikkje heilt å bli einige i om dei har slått gjennom. – Eg er i alle fall framleis blakk, seier Dan. Foto: Tora Hope

Å slå igjennom
Casa Murilo ser ut til å vere eit av få band som er på veg gjennom nålauget. Over kaffen på Parkteateret prøver Chris, Dan og Eivind å bli einige om kva det vil seie å lukkast.

– Før var det enkelt. Når du gav ut eit album og tente ”shitloads of money” hadde du slått gjennom, seier Chris.

– Dersom singelen din vart nummer èin, musikken din vart spelt på radio og du nådde eit breitt publikum hadde du klart det. I dag handlar det òg om å nå publikum, men biletet er meir fragmentert. Du når folk gjennom radio, på nett og ved å spele på ulike scener, seier Dan.

Har de slått igjennom?

– Nei, Chris dreg på det.

– Dersom minst èin i publikum syng med på ein einaste song på festivalen i Tyskland, så er det stort, seier han.

– Eg er framleis blakk og køyrer framleis ikkje lamborgini, legg Dan til.

Men som ein turist på veg opp Eiffeltårnet, klatrar dei stadig vidare mot dette litt uklare gjennombrotet, steg for steg.

– Vi har alltid satt oss latterleg ambisiøse mål, og vi har faktisk nådd dei fleste. Å spele på hovudscena på Øya var eit av det største måla og det skal vi, seier Chris.

LES OGSÅ: Vil forby for høg musikk

På Bygdalarm spelte dei for sitt største publikum så langt, då kring tusen festivaldeltakarar hadde troppa opp. Første gong dei spelte for fullsatt sal var under releasekonserten for debutalbumet ”Lifting Ships”, på Parkteateret i fjor.

– Eivind kom springande opp og fortalde at det var mykje folk nede. Då eg gjekk på scena og såg utover ein full sal var det eit av mine beste augneblink, fortel Chris.

Etter ein annan utsolgt Parkteateret-konsert same år, vart Casa Murilo tilbydd kontrakt og sidan januar har dei vore ein del av Sony sin stall.

– Vi hadde ikkje sendt inn noko demo eller sett for oss at vi skulle bli signert av eit stort plateselskap, fortel Chris.

Casa høyrer unntaka til.

Særpreg og sjølvpromotering
Jarle Savio er A&R Manager i EMI Music og jobbar med å leite etter nye talent. Han fortel at plateselskapet signerer fem til ti av kring tusen band som sender inn demo årleg. I mylderet av debutantar vert det viktigare å skilje seg ut.

– Nålauget er trongare enn før, seier han.

– Det hjelp ikkje så mykje å spele inn ein song og berre legge han ut i ein dam av atten millionar andre låtar. Sidan det er lettare å prøve, er andelen søppel større, og krava til særpreg er høgare.

Resultatet er at artistane sjølve må ta ansvar for å promotere seg sjølv, i større grad enn før. Savio sler fast at eit band som ikkje har laga ei Facebook-side ein gong ikkje har skjønt så mykje:

– Finn vi ikkje spor av bandet på Internett havnar dei bak i køa, med mindre musikken er heilt unikt bra, seier han.

– Mange musikarar er dyktige på sjølvpromoteringa, men mange ramlar framleis uti. Med mindre du er Justin Bieber er ikkje folk interessert i at du har vore hos tannlegen. Kunsten er å halde på mystikken, samstundes som ein kommuniserer med fansen, meiner Savio.

LES OGSÅ: Dei djupaste røystene


BALLONGGLEDE: På Bygdalarm spelte Casa Murilo for sitt største publikum så langt, då tusen festivaldeltakarar hadde møtt opp. Foto: Eivind Fadnes.

Facebook er vitskap, promotering ein kunst
– Sony sa at vi var det beste bandet dei hadde sett på sjølvpromotering, seier Chris i Casa Murilo.

– Men det seier dei sikkert til alle, legg han audmjukt til.

Casa Murilo er i alle fall aktive, på Facebook, Twitter, Urørt, Myspace og eiga heimeside.

– Casa inviterer folk inn, på same måte som vi gjer på konsertane. Vi vil at alle skal kjenne seg som del av eit utvida band, og den same tankegangen har vi på Facebook. Det er jo viktig å ikkje spamme folk ved å oppdatere for ofte, og å ikkje utelukkande selge, utdjupar Chris.

– Vi er jo very folkelege, og det prøver vi å vere på nett òg, legg han til på britisk-norsk.

Manager Eivind meiner dei sosiale media kan vere ein indikator på kor bra det går med bandet.

– Før fekk vi kanskje ti nye fans i veka, no får vi ti for dagen. Responsen vi får på Facebook er viktige tilbakemeldingar for oss, seier han.

Dei er einige at sjølvpromoteringa er viktig.

– Det er heilt sjukt kva som finst av moglegheiter. Norske band bruker kanskje ti prosent, seier Eivind.

– Facebook er jo vitskap. I Sony jobbar det ei dame som er tilsett fordi ho er svingod på sosiale media, legg Chris til.

Dei hiv seg ut i ein diskusjon om denne ”Mona”, som har 25 000 følgjarar på Twitter, utan å vere kjendis eller artist eller noko anna enn veldig dyktig på sosiale medium.

LES OGSÅ: Vil du omsetja rockens bestefar?

Nummer èin
All tvitring, statusoppdatering og lenking til tross, Dan, Chris og Eivind er einige i eitt:

– Å lage bra musikk er det viktigaste, nikkar dei under parasollen som skjermar mot duskregnet.

– Men nok snakk om bra musikk, sjølvpromotering, platekontrakt og alt det der. Utan han her – seier Dan og Chris og rettar peikefingaren mot Eivind – så hadde vi ikkje kome nokon veg.

Så blir det sanneleg litt klemming, kos og godstemning på Parkteateret denne regnfulle føremiddagen òg.

LES OGSÅ: På eigne bein