Lite gift i norsk mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga er nærmare 1.500 prøver av frukt, grønsaker, barnemat, animalske produkt, korn og ris frå 59 ulike land blitt testa. Til saman var 63 prosent av prøvene av importert mat, mens 37 prosent var norskprodusert mat.

Grenseverdiane var overskridne i ein del importerte produkt. Ein fann eit for høgt innhald av plantevernmiddel i 3,2 prosent av matvarene. Importerte matvarer frå Afrika og Asia har høgast innhald av plantevernmiddel. Mattilsynet meiner desse kan gi helsefare hos både vaksne og barn. Dette gjaldt spesielt karriplanter, men utslaget var høgt også for andre importvarer som ananas og bønner.

Testen viser at norskproduserte matvarer har såpass låge verdiar av giftige plantevernmiddel, at Mattilsynet meiner helseverdien er større enn helsefaren ved å ete desse produkta.

– Det blir også påvist restar av plantevernmiddel i norske produkt, men vi har dei siste fire åra ikkje funne ei einaste overskriding av grenseverdiar i produkt frå Noreg, seier seksjonsleiar Børge Holen ved Bioforsk til VG.

Sjølv om ein finn restar av plantevernmiddel i 95 prosent av dei undersøkte jordbæra, er det påvist såpass låge nivå av plantevernmiddel i norske jordbær at Mattilsynet meiner faren for negative helseeffektar er svært liten. Også her har dei importerte høgare innhald enn norskproduserte jordbærene, men nivåa går ikkje over grensa til Mattilsynet. (©NPK)

Les òg: Norske jordbær er dei sunnaste