Christian (16) går landet på langs

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg på langs

24.juni byrja Christian Vedeler å gå frå Lindesnes. Målet er å kome til Nordkapp i løpet av fire månader.

Turen har 16-åringen frå Oslo planlagt frå han var 12-13 år gamal.

– Eg har hatt turen i hovudet så lenge så det er godt å endeleg kunne byrje. Eg nyt kvart sekund av turen, fortel Christian.

Han har nettopp stoppa på Haukeli. Der skal han få nye forsyningar og få følgje av kameraten Julian Eikhaug (16). Saman skal dei krysse Hardangervidda.

Følg Christian på bloggen hans.

Fem dagar utan folk
Då Christian kom til Haukeli hadde han gått i fem dagar utan å sjå eit einaste menneske.

– Det var utruleg å møte igjen folk då. I byrjinga på turen møtte eg fleire turgåarar. Når ein møter folk i fjellet, er det alltid hyggelige folk, seier Christian.

I byrjinga var langturen berre ein tanke. Han var inspirert av boka ”Norge på langs” av Lars Monsen. Etter kvart starta jakta på riktig erfaring, Christian byrja å sjå på kart og planlegge ruta.

Etter to veker på turen, er trua god. Og føtene har det bra.

– Eg steller med føtene mine kvar kveld. Det er mykje betre å førebygge enn å reparere. Ser eg nokre sår, teipar eg, fortel han.

LES OGSÅ: Fryktar ikkje nynorsk-politiet

2-3 mil om dagen
Ein vanleg dag til fjells byrjar med frukost kring halv åtte. Så går han tre timar mellom kvart måltid. Kring klokka seks slår han ny leir. Nokre kveldar vert det fisking.

Han vil strekke seg langt for å klare å gjennomføre heile turen.

– Om eg vert skada og ikkje kan gå lenger, vil eg prøve å sykle den siste delen berre for å gjennomføre, forklarar han.

Til no har han gått kring 2,5 mil kvar dag. Kor langt han går kvar dag, er avhengig dagsformen og terrenget.

Ber folk følgje draumen
Frå vener, familie og kjente kom det litt ulike reaksjonar då han fortalte om tureventyret. Dei fleste var positive, særleg dei unge. Nokon eldre meinte han var for ung og at han tok seg litt vatn over hovudet. Sjølv meiner Christian at han er godt førebudd, samstundes ynskjer han å presse seg sjølv.

– Eg har lyst til å utfordre meg sjølv til lengste, seier han.

– Er dette noko du vil råde andre unge til å prøve?

– Det eg ynskjer å råde andre til, er å fylgje draumane sine. Eg trur draumar er til for at ein skal kunne oppnå dei. Det var ein heilt uverkeleg draum for meg i byrjinga, men som no har verte ein realitet.

 LES OGSÅ: Danmark på lukketoppen