Det store fattigdoms-dilemmaet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Vi vil avskaffe fattigdom», stod det i Soria Moria-erklæringa til den raudgrøne regjeringa frå 2005. Arbeidarpartiet fekk rett nok stroke tre bokstavar – SV ville at det skulle stå «avskaffe fattigdommen». Det er uansett grunn til å hevde at regjeringa har lukkast nokså dårleg på dette punktet på sju år ved makta.

I fjor kom Statistisk sentralbyrå (SSB) fram til at kring 215.000 menneske er fattige i Noreg, det vil seie at dei har ei inntekt under halvparten av medianinntekta i regionen sin.

På desse åra har Noreg fått færre fattige pensjonistar, men fleire fattige barnefamiliar. Talet på barn som lever i fattigdom, har auka monaleg i løpet av den raudgrøne perioden: Kring 74.000 barn i Noreg lever i fattige familiar, syner dei siste tala frå SSB. Innvandring er viktig ei årsak, men også politikken til regjeringa har bidrege til fattigdomen. Og her skal det handle om politikken.

LES OGSÅ: Løftar seg inn i arbeidslivet

Arbeidslina
Når såpass mange er fattige i Noreg trass i høg sysselsetjing og rivande velstandsauke dei siste åra, fortel det om eit sosialpolitisk dilemma. Dilemmaet er knytt til den såkalla arbeidslina, som har stått sentralt i norsk sosial­politikk sidan 1990-åra.

I Soria Moria-erklæringa heiter det: «Arbeid til alle er det viktigste vi kan gjøre for å redusere sosiale forskjeller.» Det kan godt vere rett. Men ikkje alle kan arbeide, og ikkje alle får arbeid. Og mykje av fattigdomen i Noreg i dag heng saman med ønsket om at dei som ikkje arbeider, skal ha «insentiv» til å arbeide. I praksis tyder det i mange tilfelle å gje så små sosiale ytingar at mottakarane hamnar under fattigdomsgrensa.

Krympa barnetrygd
– Regjeringa ønskjer nok å av­­skaffe fattigdomen. Men svært mange av verkemidla er knytte til arbeidslina, seier Knut Hal­vorsen, professor ved Høgskolen i Oslo.

– Ideen er at dersom hovudforsørgjaren greier å få seg jobb, kjem familien ut av fattigdomen. Men sysselsetjingsauke kjem ikkje automatisk dei fattige til gode. Andre får jobb før dei.

Mange trygdeytingar har blitt haldne nede for å styrkje arbeidslina, påpeikar Halvorsen. Og dette har ikkje minst gått ut over barnefamiliar: Barnetrygda har blitt kutta mykje og ikkje blitt justert opp sidan 1996. Halvorsen har før påpeika at om barnetrygda hadde blitt justert i takt med prisstiginga, kunne talet på fattige barn vore halvert i dag. Også satsane for sosialhjelp har sakka akterut i årevis.

– Det er insentivtenkinga: Fordi ein er redd for at folk ikkje skal søkje jobb, er ein atterhalden med trygdeytingane. Men når stønadsordningane ikkje aukar med velstandsutviklinga, vil fleire falle under fattigdomsgrensa, seier Halvorsen.

Økonomar mot sosiologar
Kor fattige må da folk vere for å bli motiverte til å søkje jobb? Svara er usikre og kjem an på kven du spør.

– Dette er ein evig krangel mellom økonomar og sosiologar, seier Knut Halvorsen.

– Sosiologane meiner oftast at svært dårleg økonomi ikkje motiverer for å bli jobbsøkjar og heller gjev folk psykiske plager. Men økonomane som legg vekt på insentiveffektane, har hegemoni i dei offentlege utgreiingane.

– Ein kan finne ekstremtilfelle der det løner seg meir å gå på trygd enn å ta ein dårleg betalt jobb. Men folk går glipp av andre gode enn pengar når dei ikkje er i lønt arbeid.

– Er det mogleg å få avskaffa fattigdomen om ein held hardt på arbeidslina?
– Ja, det meiner eg. Om ein er redd for at meir trygd skal demotivere folk frå å søkje arbeid, kan ein endre skattereglane, slik at den som går frå trygd til dårleg lønt arbeid, får lågare skatt. Slike ordningar finst i mange land.

Å avskaffe fattigdomen i Noreg gjennom trygdesystemet trong ikkje bli veldig dyrt, om det fanst politisk vilje, meiner Halvorsen.

– Treffer du rett med ordning­ane, treng det ikkje å koste så mange milliardar. Men skal ein bruke universelle ordningar som barnetrygd, blir det dyrt. Trygve Hegnar får òg barnetrygd.

LES OGSÅ: Ventar auke i arbeidsløysa, men fleire i jobb

Arbeid ikkje alt
På Stortinget er Karin Andersen frå SV ein iherdig talsperson for saka til dei fattige. Ho er langt frå nøgd med resultata til regjeringa og meiner klokkartrua på arbeidslina er noko av problemet.

– Ideen om arbeidslina som einaste veg ut av fattigdomen står i vegen for å løfte inntekta for mange av dei fattigaste, seier Andersen.

– Logikken om at dersom folk får det fælt nok, tek dei seg saman og får seg ein jobb, stemmer ikkje i praksis. Du blir ikkje kreativ av at kjøleskåpet er tomt og rekningane hopar seg opp.

Karin Andersen viser til årsrapporten frå NAV i 2010.

– Den slår hol på myten om at om folk ikkje vil prøve å kome i arbeid om dei får ei sosialhjelp dei kan leve av. Dei låge satsane verkar heller motsett: Det å vere i konstant økonomisk krise gjer folk utslegne, motlause og negative.

– Men det er vel rett at dersom trygdeordningane blir svært gode, vil det demotivere folk frå å søkje arbeid?
– Ein stad går nok den grensa, men vi er langt unna den i dag. Om du har fem barn og ein dårleg betalt jobb, kan det vere tilfelle der du kan få meir på trygd enn i løn. Men dette er eit svært lite mindretal, seier Andersen.

Eit både–og
Ho presiserer at ho ikkje er imot arbeidslina i seg sjølv.

– Arbeidsline og velferdsline er ikkje noko anten–eller, vi treng båe delar. Men arbeidslivet har ikkje så mange opningar for folk med sosiale problem eller dårleg helse. Mange strevar i årevis utan å få arbeid.

– Er det mogleg å avskaffe fattigdomen i Noreg?
– Ja, det er mogleg å lage eit inntektsnivå på dei sosiale yting­ane som sikrar det. Og det er mogleg å lage ein betre arbeidslivspolitikk som gjev fleire kvalifisering og attføring.

– Men om vi held på arbeidslina som i dag, er det da mogleg å avskaffe fattigdomen?
– Nei, for arbeidslivet vil aldri ha plass til alle. Vi må sikre ei betre inntekt for dei som ikkje har lønt arbeid.

– På den andre sida: Er det mogleg å avskaffe fattigdomen gjennom trygder utan å undergrave arbeidslina?
– Ja, eg meiner det. Det finst sikkert eit nivå for sosialstønad som demotiverer for arbeid. Men det er langt opp dit. Eg meiner vi både bør heve ytingane og gjere arbeidslina meir effektiv.

Det er ingen løyndom at det er ei usemje mellom regjeringspartia om desse tinga, seier Andersen. SV har heile vegen ønskt å auke dei sosiale ytingane meir enn Ap.

– Kampen om uføretrygda var hard, men den vann SV. Og vi har heva minsteytingane i folketrygda til 2 G. Vi har faktisk oppnådd noko. Men når velstanden aukar så mykje som no, er det vanskeleg for ytingane å henge med, seier Karin Andersen.

LES OGSÅ: Ungdom fryktar framtida

– Ikkje berekraftig
Kari Henriksen, Ap-medlem i helse- og sosialkomiteen, meiner på si side at fattigdomen i Noreg kan avskaffast ved hjelp av arbeidslina.

– Arbeidslina er det absolutt viktigaste verkemidlet for å hindre fattigdom. Å hjelpe folk til å få seg jobb og forsørgje seg sjølve er det einaste som gjev varige resultat. Men arbeidslina tyder ikkje at dei som ikkje kan jobbe, ikkje skal ha eit verdig liv utan fattigdom og ta imot ytingar med godt samvit. Difor har vi verkemiddel som sikrar dei som ikkje er i arbeid, alt frå dagpengar og bustønadsordningar til økonomisk rettleiing.

– Det er mogleg for Noreg å avskaffe fattigdomen ved å auke dei sosiale ytingane for dei dårlegast stilte. Kva er argumenta mot dette?
– Om vi einsidig aukar yting­ane til dei som ikkje arbeider, utan å gje økonomisk motivasjon til å jobbe, vil det på sikt føre til at færre vil bidra til fellesskapen og fleire vil leve på stønad over lengre tid. Kortsiktig er det finansielt mogleg for Noreg å «betale» seg ut av fattigdomen, men det er ikkje berekraftig og vil på sikt føre til at vi får fleire fattige.

Langtidsfråvær
Henriksen meiner ein slik politikk også ville vere uheldig for den einskilde trygdemottakaren.

– Det kan føre til at fleire får langvarig fråvær fra arbeidslivet, noko som kan gjere det nesten umogleg å kome attende.

– Kor låg inntekt bør folk ha før ein kan rekne med at dei blir motiverte til å søkje arbeid?
– Vi trur ikkje på at fattigdom gjer folk motiverte til å jobbe. Det er ein argumentasjon som Høyre og Frp brukar. Om du ikkje har mat på bordet eller tak over hovudet, er det berre det du er oppteken av. Men om du taper pengar på å byrje å jobbe, kan det redusere motivasjonen din for arbeid. Difor skal vi hjelpe folk til å kome seg ut av slike situasjonar.

– Må ikkje somme stønadsordningar vere så dårlege at dei held mange under fattigdomsgrensa, dersom teorien om insentiva skal fungere?
– Nei, seier Kari Henriksen.

Manglar empiri
Vi må attende til insentivomgrepet, som står så sentralt i denne diskusjonen. Kor mykje sosialstønad kan til dømes folk få før dei misser arbeidslysta? Kva veit økonomane om dette? Vi ringjer Frisch-senteret, ein viktig premissleverandør i ordskiftet om velferdsstaten, og spør forskar Simen Markussen.

– Det er eit godt spørsmål som eg ikkje har noko veldig godt svar på. Eg kjenner ikkje til noka empirisk undersøking som har sett på samanhengen mellom storleiken på sosialhjelpa og jobbsøking eller yrkesdeltaking, seier Markussen.

– Men når det gjeld andre felt, som sjukefråvær og uføre­trygd, veit vi at økonomiske insentiv har noko å seie for vala til folk. Og om ein tente nesten like mykje på sosialhjelp som på å jobbe, er det opplagt at det ville redusere insentiva til å søkje.

Samtidig er det problem med å overføre studiar frå andre felt til spørsmålet om sosialhjelp, påpeikar Markussen.

– Mange av dei som får sosialhjelp, har rusproblem eller psykiske problem og lita arbeidsevne, og mange har nok dårlege sjansar for å få seg arbeid. Det kan hende det er mogleg å auke sosialhjelpa ein god del utan at det har så mykje å seie for mange i den gruppa.

– Er det mogleg å avskaffe fattigdomen samtidig som ein held på arbeidslina?
– Det er uunngåeleg ein konflikt mellom ønsket om sosial utjamning og det å sikre insentiva til å søkje jobb. Men om ein skulle auke sosialhjelpa monaleg, kunne ein eventuelt kombinert det med både arbeidsrett og arbeidsplikt, seier Markussen.

Les saka i Dag og Tid!