19 år og gardkjøpar

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ramma inn av grøne åkrar ligg garden til Kristian Skallerud på ei slette like ved Gjerdrum kyrkje i kommunen med same namn. Det er eit par mil frå Oslo og litt kortare til Gardermoen.

Han var berre 19 år då han kjøpte garden for nær ein halv million kroner for fire år sidan.

Eit stort kvitt hovudhus har heidersplassen på tunet. Ved sida ligg eit litt mindre kvitt hus som Kristian har pussa opp og bur i. Ein raud låve, eit tidlegare grisefjøs og eit stabbur ligg på rekkje. Framfor det minste huset står ein traktor med slangar både framme og bak.

– Beklagar at traktoren står slik rett framfor huset. Eg kom så seint heim i går, forklarar Skallerud.

LES OGSÅ: Kjærleik ved fyrste blikk

Jobbar heime og ute
Dagen før har han køyrt møkk for ein annan bonde, arbeidsdagen byrja seks om morgonen og slutta ikkje før to på natta. Ofte vert det slike lange dagar. Han jobbar både på sin eigen gard og med leigekøyring.

– Som bonde har du alltid noko å gjere, men ein må ta fri nokre gonger òg. Då hender det eg tek meg ein tur på sykkel eller ski. 

23-åringen har eid garden Gjerdrum Østre i fire år no. Garden hadde då vore forpakta av foreldra hans sidan 2003. Det vart naturleg for han å kjøpe då ungkaren på garden dei forpakta døyde plutseleg.

– Det er bonde eg alltid har hatt lyst til å vere, så no er det berre å jobbe og få det til. Planen i sommar er å gjere i stand uteområdet her med plenar og slikt. Og eg skal gjere klar fjøset slik at det kan leigast ut som lager, forklarar Skallerud.

60 kyr
Hovudhuset leigar han ut til arbeidarar frå Polen, eit jorde leigast ut til ein potetprodusent, grisehuset til lokale murarar. Snart skal han få leietakarar i stabburet òg.

Alle dyra er på garden til foreldra. Sjølv har han 90 tonn i mjølkekvote, i samdrifta har han saman med foreldra og onkel og tante til saman 480 tonn i kvote og 60 kyr.

Ein skjønar at Kristian treng alle arbeidstimar han kan få, og difor står opp – eller i alle fall har vekkarklokka innstilt på, klokka seks kvar dag. 

– Kvifor valte du å verte bonde?

– Det er fint og fritt å vere bonde. Ein er sin eigen sjef. Eg trur aldri eg ville klart ein åtte til fire jobb, eg klarar ikkje sitje så mykje i ro. Dessutan er eg oppvaksen med å ha mykje å gjere. Eg har vore med på våronna sidan eg var åtte år gammal, då hugsar eg at eg fekk byrje med å tromle, seier Skallerud.

Per i dag er gjennomsnittsalderen for overdraging på gardar over femti år, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Skallerud etterspør fleire ordningar for unge bønder som kan gjere det meir attraktivt å verte bonde og overta gardar.

– Det kunne vore fleire investeringstilskot for unge bønder. Om eg til dømes byrjar med ammekyr no, vil det ta opptil fire år før eg vil få betalt. Men banken krev pengar med ein gong.

Han etterspør òg fleire kurs for unge bønder.

Jordbruk – og matminister Trygve Slagsvold Vedum meiner generell lønsamheit og gode rammevilkår for næringa av avgjerande for å sikre god rekruttering av ungdom.

– Gjennom jordbruksoppgjera har vi gitt landbruksnæringa auka inntektsmoglegheiter kvart år etter 2005, og eg har ambisjonar om å få til meir.

Samlar unge bønder
Vedum trekk fram bygdeutviklingsmidlar som det viktigaste økonomiske verkemiddelet for å nå mål om næringsutvikling i landbruket. Ramma for desse midlane vart auka med 65 millionar kroner i år og er no samla på 508 millionar kroner.

–Midlane har ein klar ungdomsprofil fordi yngre investerer i mykje større grad enn eldre. I tillegg vert unge prioritert når det gjeld tilskot til investeringstøtte, etablerarstipend og tilskot til verksemdsutvikling, seier Vedum.

Landbruksministeren har òg oppretta eit eige ungdomsråd beståande av 12 unge bønder.

– Eg gler meg til fyrste møtet rett over sommaren og vil lytte til ungdomsrådet med stor interesse.

Ung optimist
23-åringen håper politikarane vil gjere det meir lønsamt å vere bonde i tida framover. 

– No tener eg mykje meir på det eg gjer for andre enn arbeidet på garden. I framtida håpar eg at det skal gå an å leve av å vere bonde. Vi gjer ein viktig jobb. Finst det noko viktigare enn å produsere mat?

LES OGSÅ: Dei djupaste røystene