Ukrainarar rasar over ny språklov
Demonstrantar og opprørspoliti støytte onsdag saman i den ukrainske hovudstaden Kiev under ein protestaksjon mot den nye språklova som nasjonalforsamlinga i landet vedtok tysdag.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Opprør mot ny språklov
Politiet brukte tåregass for å spreie folkemengda, og fleire personar vart skadde i oppstyret. Fleire hundre menneske var møtt fram for å protestere mot den nye lova.
Den nye språklova vart vedtatt i all hast i nasjonalforsamlinga tysdag kveld og gir russisk ein sterkare posisjon enn før i høve til ukrainsk. Spørsmålet er svært omstridd i Ukraina, og opposisjonen fryktar at lova skal undergrave bruken av ukrainsk.
Politisk har Ukraina vore splitta mellom eit meir russiskvennleg aust og det meir ukrainsk-nasjonalistiske vest.
Den nye språklova slår fast at ukrainsk framleis er det offisielle språket i Ukraina, men at også språk som blir brukt av eit mindretal, kan nyttast av offentlege tenestemenn og organ i regionar der språket er i bruk. Dette betyr at russisk får ei sterkare rolle enn før. Russisk har tradisjonelt vore mest brukt aust i den tidlegare sovjetrepublikken og på Krim-halvøya.
Både president Viktor Janukovitsj og presidenten i nasjonalforsamlinga må signere lova før ho kan tre i kraft. Presidenten i nasjonalforsamlinga, Volodymyr Lytvyn, trekte seg onsdag i protest mot lovvedtaket. Janukovitsj er på si side medlem av Regionpartiet, som dreiv lova gjennom i nasjonalforsamlinga, men det er uvisst om han støttar måten lova vart vedtatt på.
Presidenten kalla onsdag inn fraksjonsleiarane i nasjonalforsamlinga i eit forsøk på å stagge den tiltakande konflikten. Janukovitsj fryktar at det kan bli nødvendig å halde nyval i Ukraina dersom ikkje krisa blir løyst. (©NPK)