Norske jordbær er dei sunnaste

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mattilsynet og Bioforsk er ute med ein rapport som viser kor mykje plantevernrestar det er i jordbær. Dei norske jordbæra kjem betre ut enn dei importerte.

Analyseresultata viser at det på norske jordbær er i gjennomsnitt 2,9 verksame stoff per prøve, medan det på importerte jordbær er 4,0 per prøve, melder NRK. Trass i at dei norske jordbæra har noko plantevernrestar i seg, er ikkje mengda så stor at ho er risikabelt, fortel rapporten.

– Det er ikkje farleg å ete importerte jordbær. Men innhaldet av sprøytemiddel er lågare i dei norske bæra, seier Birgitte Lyrån i Mattilsynet til NRK. (©NPK)

Les òg: Nytt nettverk vil fornya landbruket