NRK endra i 2007 sine språkreglar, slik at mediastasjonen vart meir liberal for dialektbruk og utanlandske aksentar. Publikum er positive, men kvar går grensa?

Espen André Breivik
Espen André Breivik

Hovudregelen i NRK sine rikssendingar, er at radio- og fjernsynsinnhald skal presenterast på normert bokmål eller normert nynorsk, med minimum 25 prosent av sistnemnde. -NRK har ansvaret for at nynorsk normaltalemål kan oppretthaldast, det betyr at vi må ha frontfigurar som sikrar at nynorsken har gode vekstvilkår, seier kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas.

Med ei meir liberalisering av dialektbruk, korleis ser du på nynorsken si framtid i NRK?
– NRK si oppgåve for å ta vare på nynorsken og levere i forhold til dei forpliktingane vi har, det ser eg på som ein heilt naturleg del av jobben og det vi gjer.

– Det beste tiltaket vi har for å auke antalet journalistar med nynorske språkferdigheiter er heilt klart Nynorsk Mediesenter i Førde. Dei har i løpet av dei åtte åra dei har vore i drift, eksaminert 80 nynorskspråklege journalistar, der 62 no jobbar i norsk presse og media. Same vellukka mal er brukt for rekruttering av fleirkulturelle journalistar i Oslo, fortel Bjerkaas.

Kan ein ha alle dialektar i Dagsrevyen? Kva med for eksempel finansminister Sigbjørn Johnsen med si hedmarksdialekt?
– Nei, det er eg nok litt i tvil om, ler Bjerkaas forsiktig.

– Sigbjørn Johnsen brukar språket stilistisk og som eit politisk verkemiddel. Han er ein veldig bevisst politikar som brukar dialekt for å skape nærleik, noko som gjer han folkeleg. Samtidig gir han eit uttrykk for tryggleik og det å vere stødig, som sjølvsagt er heilt legitimt, men det er kriteriar som vi ikkje ville lagt vekt på om spørsmålet nokon gong hadde dukka opp.

Kunne ein sagt kino, kylling og kjøtt med «sj-lyd», som fleire unge gjer i dag, for eksempel i Dagsrevyen?
– Svaret på det er nei. Samtidig så er det eit spørsmål, kor lenge er det ikkje akseptabelt, altså kor mange skal begynne å bruke orda på den måten, før det er akseptabelt.

Kvar har NRK då sitt språkutgangspunkt? Ligg NRK i forkant eller i etterkant?
– Vi må halde oss til språkutviklinga. Det var også det som var bakgrunnen til dei endringane vi gjorde. Vi kan ikkje berre halde oss til ei norm som er etablert, vi må også avspegle mangfaldet dialektmessig og vi må følgje med i språkutviklinga.

Vil følgje opp distrikta

– Nivået for språk på dei riksdekkjande ligg høgt, det er klart. På dei ulike distrikta derimot, har vi opna for eit meir mangfald, men vi har kanskje ikkje følgt opp med god språkrøkt. Derfor vil vi etterkvart gå inn og sjå om dei som brukar dialektar gjer dette på ein god og konsekvent måte, forklarer kringkastingssjefen.

Berre ei med dialekt
I dag er det berre Ingerid Stenvold i Dagsrevyen som har søkt og fått løyve til å prate dialekt på riksdekkjande fjernsyn, men fleire kan det bli, dersom redaktørane tillet det. Ei undersøking gjort av NRK sjølv, viser at rundt 80 prosent av sjåarane er positive til dialekt i riksdekkjande fjernsyn, samtidig som at 90 prosent gir uttrykk for at det viktigaste er at det vert snakka tydeleg og forståeleg.

– Dei dialektkritiske er nok stort sett blant min eigen generasjon. Ein kan ikkje seie stopp, fordi mangfaldet kjem innpå eit område ein sjølv ikkje vil ha. Vegen mot eit større mangfald i NRK er ein viktig veg å gå, men samtidig må vi ha normer å forhalde oss til likevel.

Les òg: Dette er Noregs mest sexy dialekt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37
ANNONSE